Ledig stilling som rådgivar/seniorrådgivar innan internasjonalt utdanningssamarbeid
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
Fortunen 1, 5013 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Ledig stilling som rådgivar/seniorrådgivar innan internasjonalt utdanningssamarbeid
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. november
Om stillinga og avdelinga
Vi søkjer ein strukturert og utviklingsretta rådgivar/seniorrådgivar som vil vere med på å styrkje arbeidet med internasjonalt samarbeid innan utdanning og opplæring.
Stillinga er plassert i Avdeling for internasjonalt samarbeid i grunnopplæringa, knytt til Divisjon for arbeidsliv og kompetanse. Vår hovudoppgåve er å bidra til å auke det internasjonale samarbeidet i barnehage, skole, fag- og yrkesopplæring og vaksenopplæring, og til at internasjonalt utdanningssamarbeid vert brukt strategisk for å nå dei utdanningspolitiske måla.
Avdelinga arbeider for at internasjonalt samarbeid skal styrkje kvaliteten og relevansen i utdanning og opplæring. Målet vårt er at utdanninga skal støtte opp under kompetansebehova i arbeidslivet – både i dag og i framtida. Vi ønskjer òg at fleire elevar og lærlingar skal få mogelegheit til utveksling og internasjonal erfaring som ein naturleg del av eigne utdanning og opplæring.
Erasmus+ er verdas største utdanningsprogram og støttar europeisk samarbeid gjennom heile utdanningsløpet. HK-dir har ansvar for å forvalte programmet i Noreg, mellom anna ved å tildele midlar til norske institusjonar og følgje opp prosjekta som vert finansierte. Som ny medarbeidar vil du delta i forvaltinga av Erasmus+ og andre ordningar innan avdelinga sin portefølje.
Avdeling for internasjonalt samarbeid i grunnopplæringa har i dag 26 dyktige medarbeidarar, som held til i Bergen. Stillinga er ledig frå 1.januar 2026, og vil ha kontorstad i Bergen.
Sentrale oppgåver i stillinga vil vere
- Programforvalting, eksempelvis søknadsbehandling, administrasjon av tilskot, og oppfølging av pågående prosjekt
- Mobilisering og rettleiing av søkjarar og prosjekt for å sikre kvalitet, relevans og strategisk bruk av midlane
- Forvalte resultater frå prosjekta og bruke desse til å vidareutvikle rolla til avdelinga som rådgivar, samordnar og pådrivar overfor sektoren
- Medverke til oppfølging av strategi og handlingsplan for norsk deltaking i Erasmus+, og til at programmet støtter opp under nasjonal og europeisk utdanningspolitikk
- Samarbeid med aktørar i og utanfor Noreg
Kva kvalifikasjonar treng vi?
Du må ha:- relevant høgare utdanning, minimum bachelor eller relevant høgare fagskolegrad. Realkompetanse kan kompensera for utdanningskravet.
- god fremstillingsevne i norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
- god kompetanse i bruk av digitale verktøy i arbeidssamanheng
- relevant arbeidserfaring
- god kjennskap til utdannings- og opplæringsfeltet, primært kommunalt eller fylkeskommunalt nivå
- erfaring med forvalting og/ eller sakshandsaming
- kunnskap om tilgrensande politikkområder, herunder kompetansebehov i arbeidslivet og europeisk utdanningspolitikk
- kjennskap til internasjonalt samarbeid, primært nordisk eller europeisk samarbeid
Vi ser etter deg som
- har gode samarbeidseigenskapar og kommuniserer godt
- jobber sjølvstendig, strukturert og nøye
- er analytisk og evner å tileigne deg og nytte ny kunnskap
- er engasjert, initiativrik og har god gjennomføringsevne
Hos oss får du
- eit uformelt og godt fag- og arbeidsmiljø
- høve til fagleg utvikling og kompetanseheving
- fleksibel arbeidstidsordning og høve for å arbeid heimefrå delar av arbeidstida
- høve til trening i arbeidstida med inntil to timar per veke
- høve for mobiltelefonordning
- medlemskap i Statens pensjonskasse, med gode pensjons- og lånebetingelsar
Lønsvilkår
- lønsplassering etter kompetanse
- rådgivar/seniorrådgivar med ei årslønn mellom kr. 600 000 - 800 000
- for særs godt kvalifiserte søkjarar, kan høgare løn vurderast
- medlemskap i Statens pensjonskasse, med trekk på to prosent til lovfesta pensjonsinnskot
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
I HK-dir trur vi at mangfald gir oss breiare perspektiv, og at medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar vil gjere oss i stand til å finne enda fleire gode løysningar på våre oppdrag. Vi oppmodar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Vi legg forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en kan du verte positivt særbehandla dersom du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi inviterer minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å verte positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgjevarportalen. Avkryssing i Jobbnorge gir grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Offentleg søkjarliste
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om søkjaren sjølv ber om ikkje å verte ført opp på søkjarliste, jf. Offentleglova § 25. Søkjaren vert i så tilfelle informert om dette på førehand.
Søknad og CV
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere søknad og utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål. Vi oppmodar deg om å gi tilgang til vitnemålsportalen.
Kontaktperson
Namn: Kristin Amundsen
e-post: kristin.amundsen@hkdir.no
telefon: 958 41 933
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Direktoratet for høgre utdanning og kompetanse (HK-dir) har eit samla, nasjonalt ansvar for forvaltingsoppgåver innan høgre utdanning, høgre yrkesfagleg utdanning og kompetansepolitikk. Vi er fagleg rådgjevar for Kunnskapsdepartementet, set i verk politikken og samordnar verkemidla. Direktoratet skal bidra til å utvikle kvaliteten i utdanning og opplæring, styrkje det internasjonale samarbeidet og bidra til digital omstilling av universitet og høgskolar.
Vi jobbar for å løfte kompetansen i befolkninga, gjere utdanning og opplæring av høg kvalitet tilgjengeleg for alle heile livet, og sikre arbeidslivet tilgang på kompetent arbeidskraft.
Les meir om HK-dir her
Vi har kontor i Bergen, Oslo, Tromsø og Trondheim.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8b02c202-3cf3-4b83-8e85-a373e6d681e0
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10267002
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Sted
Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal, Stord
IKT-sikkerhet
Arbeidsgiver
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Sted
Haugesund, Bergen, Stord, Sogndal, Førde