To ledige stillingar innan IKT-sikkerhet
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
Fortunen 1, 5013 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- IKT-sikkerhet
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Om stillinga og avdelinga
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) søkjer to engasjerte og dyktige IKT-medarbeidarar med ansvar for IKT-sikkerhet og overvaking av digitale verdiar til avdeling for IKT.
Vi har to faste stillingar ledig innan IKT-sikkerhet og søkjer erfarne rådgivarar eller seniorrådgivarar med solid kompetanse til kontoret vårt i Bergen. Stillingane er ledige frå 1.desember 2025.
Avdeling for IKT har ei sentral rolle i arbeidet med å verne kritisk infrastruktur og skjermingsverdig informasjon. Desse stillingane gir ei unik moglegheit til å medverke i arbeidet med samfunnsviktige tenester innan utdanning og forsking. Dei vil vere ein del av sikkerhetsmiljøet i HK-dir, og ha stor fagleg påverknad og tett samarbeid med nasjonale sikkerhetsmiljø.
Avdelinga er knytt til divisjonen Styring og organisasjon, og har i dag 19 faste tilsette inkludert lærlingar, fordelt på kontor i Bergen, Oslo og Tromsø. Vi har mellom anna ansvar for IKT-sikkerhet, drift, brukarstøtte, vedlikehald og utvikling av IT-system i porteføljen vår. Som ny medarbeidar vil du inngå i CSIRT-teamet og vere med på å overvake sikkerheten i miljøa våre, samt vedlikehalde sikkerhetssystema våre og gje opplæring knytt til sikkerhet.
Har du interesse for informasjonssikkerhet og ønskjer å medverke i sikkerhetsarbeidet på eit operativt nivå, kan dette vere ei stilling for deg. Vi ser etter deg som har relevant arbeidserfaring, godt humør og elles nysgjerrig på fagområdet, samt oppteken av sluttbrukarane. Vi høyrer gjerne frå deg, og ønskjer at du sender søknaden din på norsk til oss.
Sentrale oppgåver i stillinga vil vere
- Operativ sikkerhetsovervaking av miljøa våre, der du også medverkar til vidareutvikling av evna til å oppdage truslar
- Sårbarheitsstyring, der du medverkar til å identifisere og fjerne sårbarheitene
- Trusseletterretning, vurdering og overvaking
- IKT sikkerhetskonfigurasjon
- Systemvedlikehald
- IKT sikkerhetsrådgjeving
- IKT sikkerhets-governance
- Samarbeid med andre sikkerhetstenester
- Prosjektleiing i utvalde prosjekt
- Medverke i CSIRT-teamet
- IKT-sikkerhetsopplæring
- Medverke i utforming av interne prosedyrar og retningsliner knytta til informasjonssikkerhet
- Medverke til gjennomføring av risikovurderingar
- Medverke til oppfølging av lærlingar
- Andre IKT-oppgåver etter behov
Kva kvalifikasjonar treng vi?
Du må ha:- minimum 3-årig relevant høgskole utdanning innan IKT- fagområdet informasjonssikkerhet. Lang arbeidserfaring kan kompensera for manglande utdanningskrav.
- særs god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på engelsk
- erfaring med operasjonelt arbeid på eit sikkerhetsoperasjonssenter, helst på Microsoft Defender XDR og Sentinel
Personen som vert tilsett må kunne sikkerhetsklarerast til relevant nivå.
- brei arbeidserfaring innan operativt IKT-sikkerhetsarbeid (SOC, CERT)
- gode kunnskapar i fag- og ansvarsområdet, herunder kunnskap om utstyr og teknologi
- erfaring med Azure og tilhørende teknologiar som Microsoft Entra ID, Microsoft Sentinel, Azure Update Manager, Microsoft Defender XDR med meir
- erfaring med drift og vedlikehald av IT-system
- kunnskap om NSM sine grunnprinsipp
- sertifiseringer innan IKT-sikkerhet
- kunnskap om sentrale leiingssystem for informasjonssikkerhet, som ISO, NIST, CIS Controls
- interesse for informasjonssikkerhet og sikkerhets sarbeid generelt
- erfaring innan penetrasjonstesting, sårbarheitsskanning og red/blue/purple teaming
- erfaring med offentlege anskaffingar
- erfaring med ROS analyser
- erfaring med Linux
Vi ønskjer at du
- har godt humør og er serviceinnstilt
- tek initiativ og er nøye i arbeidet
- er analytisk og løysingsorientert
- er utviklingsretta og held deg oppdatert på fagområde
- arbeid sjølvstendig så vel som i team
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Hos oss får du
- eit uformelt og godt fag- og arbeidsmiljø
- høve til fagleg utvikling
- jobb i moderne kontorfellesskap med faglege dyktige kollegaer
- ei fleksibel arbeidstidsordning og høve for å jobbe heimanfrå delar av arbeidstida
- høve til trening i arbeidstida, med inntil to timar i veka
- høve for mobiltelefonordning
- medlemskap i Statens pensjonskasse, med gode pensjons- og låneordningar
Lønsvilkår
- lønsplassering etter kompetanse
- rådgivar/seniorrådgivar med ei årsløn mellom kroner 700 000 - 850 000
- for særs godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
- medlemskap i Statens pensjonskasse, med trekk på to prosent til lovfesta pensjonsinnskot
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
I HK-dir trur vi at mangfald gir oss breiare perspektiv, og at medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar vil gjere oss i stand til å finne enda fleire gode løysningar på våre oppdrag. Vi oppmodar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Vi legg forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en kan du verte positivt særbehandla dersom du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi inviterer minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å verte positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgjevarportalen. Avkryssing i Jobbnorge gir grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Offentleg søkjarliste
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om søkjaren sjølv ber om ikkje å verte ført opp på søkjarliste, jf. Offentleglova § 25. Søkjaren vert i så tilfelle informert om dette på førehand.
Søknad og CV
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere søknad og utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål. Vi oppmodar deg om å gi tilgang til vitnemålsportalen.
Kontaktperson
Namn: Kennth Hopsdal
e-post: kenneth.hopsdal@hkdir.no
telefon: 477 08 927
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Direktoratet for høgre utdanning og kompetanse (HK-dir) har eit samla, nasjonalt ansvar for forvaltingsoppgåver innan høgre utdanning, høgre yrkesfagleg utdanning og kompetansepolitikk. Vi er fagleg rådgjevar for Kunnskapsdepartementet, set i verk politikken og samordnar verkemidla. Direktoratet skal bidra til å utvikle kvaliteten i utdanning og opplæring, styrkje det internasjonale samarbeidet og bidra til digital omstilling av universitet og høgskolar.
Vi jobbar for å løfte kompetansen i befolkninga, gjere utdanning og opplæring av høg kvalitet tilgjengeleg for alle heile livet, og sikre arbeidslivet tilgang på kompetent arbeidskraft.
Les meir om HK-dir her
Vi har kontor i Bergen, Oslo, Tromsø og Trondheim.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
41d85988-f230-4b3f-a18c-6f779cb26e9a
- Sist endret
31. oktober 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10266989
Lignende annonser
To ledige stillingar innan høgare yrkesfagleg utdanning
Arbeidsgiver
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
Sted
Bergen