Ledig fast stilling og vikariat innan høgare yrkesfagleg utdanning
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
Fortunen 1, 5013 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- To ledige stillingar innan høgare yrkesfagleg utdanning
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. november
Om stillinga og avdelinga
Vi ser etter rådgivarar / seniorrådgivarar innan høgare yrkesfagleg utdanning, til ei 100 % fast stilling og eit 100 % vikariat med varigheit på inntil to år.
Vi søkjer deg som har god analytisk kompetanse og som ønskjer å bidra til utvikling av fagskulesektoren. Stillingane har arbeidsstad først og fremst ved vårt hovudkontor i Bergen, men alle kontorstader er relevante.
Avdeling for høgare yrkesfagleg utdanning jobbar med å vidareutvikle høgare yrkesfagleg utdanning . Vi har ei sentral rolle i utvikling og oppfølgingane av nasjonal politikk på området, noko som blant anna inneber analyse- og kunnskapsutvikling. Vi har ein rettleiarrolle ovanfor fylkeskommuner og fagskular, og vi forvaltar driftsmidlar til fagskulane og fordeler nye studieplassar. Avdelinga har ansvar for tilskotsordningar som utviklingsmidlar for høgare yrkesfagleg utdanning og industrifagskulen. Vi jobbar for å få til meir internasjonalt samarbeid i høgare yrkesfagleg utdanning. Sekretariat for Nasjonalt fagskuleråd og sju nasjonale fagråd ligg også i avdelinga.
Sentrale oppgåver i stillingane vil vera
- Utarbeide, bruka og formidla kunnskapsgrunnlag og analyser
- Rådgivning til sektor og andre aktørar
- Tilskuddsforvalting, inkludert oppfølging og vurdering av resultat
- Planlegging og gjennomføring av konferansar og seminar
- Samarbeid med aktørar i og utanfor Noreg
Kva kvalifikasjonar treng vi?
Du må ha:
- Høgare utdanning, minimum bachelor eller høgare fagskulegrad. Relevant realkompetanse kan kompensera for utdanningskravet
- Gode analytiske evner
- Gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på norsk og engelsk
- God kompetanse i bruk av digitale verktøy
- Relevant arbeidserfaring
Det er ein fordel om du har:
- God kjennskap til høgare yrkesfagleg utdanning eller høgare utdanning
- Erfaring med saksbehandling og/eller forvaltning av komplekst regelverk
- Erfaring med utviklingsarbeid, gjerne med å utarbeide kunnskapsgrunnlag for politikk
Personlege eigenskaper vi ser etter:
- Gode samarbeidsevner og evne til å byggja relasjonar
- Sjølvstendig og strukturert arbeidsform
- Initiativrik med god gjennomføringsevne
Hos oss får du:
- Eit uformelt og godt fag- og arbeidsmiljø
- Mogelegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving
- Fleksibel arbeidstidsordning og moglegheit for heimekontor deler av arbeidstida
- Mogelegheit for trening i arbeidstida med inntil to timar per veke
- Mogelegheit for mobiltelefonordning
- Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode pensjons- og lånebetingelsar
Lønsvilkår
- lønnsplassering etter kompetanse som rådgivar/seniorrådgivar, med ei årslønn på mellom kr. 600 000 og 800 000.
- For særskilt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.
- to prosent trekk til lovfesta innskot i Statens pensjonskasse
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
I HK-dir trur vi at mangfald gir oss breiare perspektiv, og at medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar vil gjere oss i stand til å finne enda fleire gode løysningar på våre oppdrag. Vi oppmodar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Vi legg forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en kan du verte positivt særbehandla dersom du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi inviterer minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å verte positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgjevarportalen. Avkryssing i Jobbnorge gir grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Offentleg søkjarliste
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om søkjaren sjølv ber om ikkje å verte ført opp på søkjarliste, jf. Offentleglova § 25. Søkjaren vert i så tilfelle informert om dette på førehand.
Søknad og CV
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere søknad og utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål. Vi oppmodar deg om å gi tilgang til vitnemålsportalen.
Kontaktperson
Namn: Else Kathrine Nesmoen
e-post: else.kathrine.nesmoen@hkdir.no
telefon: 911 27 010
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Direktoratet for høgre utdanning og kompetanse (HK-dir) har eit samla, nasjonalt ansvar for forvaltingsoppgåver innan høgre utdanning, høgre yrkesfagleg utdanning og kompetansepolitikk. Vi er fagleg rådgjevar for Kunnskapsdepartementet, set i verk politikken og samordnar verkemidla. Direktoratet skal bidra til å utvikle kvaliteten i utdanning og opplæring, styrkje det internasjonale samarbeidet og bidra til digital omstilling av universitet og høgskolar.Vi jobbar for å løfte kompetansen i befolkninga, gjere utdanning og opplæring av høg kvalitet tilgjengeleg for alle heile livet, og sikre arbeidslivet tilgang på kompetent arbeidskraft.
Les meir om HK-dir her
Vi har kontor i Bergen, Oslo, Tromsø og Trondheim.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1227fb06-ed83-490b-a5fa-522be7bcad9d
- Sist endret
30. oktober 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10268455
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
Sted
Bergen
Førsteamanuensis/førstelektor i universitetspedagogikk
Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Sted
Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal, Stord