Rådgjevar for digitalt læringsmiljø
Høgskulen på Vestlandet
Bjørnsonsgate 45, 5528 Haugesund, Inndalsveien 28, 5063 Bergen, Klingenbergvegen 4, 5414 Stord, Røyrgata 6, 6856 Sogndal, Svanehaugvegen 1, 6812 Førde
Om jobben
Stillingstittel
Rådgjevar for digitalt læringsmiljø
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk, engelsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 23. oktober
Høgskulen på Vestlandet (HVL) har ledig stilling som rådgjevar for digitalt læringsmiljø
Faggruppen digital læringsdesign søker ein teknisk dyktig og engasjert kollega som vil vere med å utvikle framtidas digitale læringsmiljø ved Høgskulen på Vestlandet.
Du vil bli del av eit tverrfagleg team som per i dag har kompetanse innan visuell design, UX-design, universell utforming, digital læring og kommunikasjon. Våre hovudansvarsområde inkluderer Canvas, den digitale læringsplattforma for HVL, og diverse pedagogiske programvarer.
Som rådgjevar hjå oss vil du styrke vårt team med den tekniske kompetansen din. Vi arbeider saman med studentar, undervisarar og fagmiljø for å skape gode opplevingar og eit brukarvennleg digitalt læringsmiljø ved HVL.
Arbeidsstaden er ved ein av HVL sine campusar: Bergen, Stord, Haugesund, Førde eller Sogndal. Noko reiseverksemd må påreknast.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
- Teknisk vedlikehald av læringsplattforma (Canvas) og andre pedagogiske programvarer.
- Byggje og vedlikehalde integrasjonar mot andre system ved hjelp av LTI, API og liknande teknologiar.
- Å vere i dialog med IT-miljøet vårt for å sikre stabile og skalerbare løysingar.
- Utforske, teste og bidra til utvikling av pedagogisk programvare og vurdering av korleis ho oppfyller ulike tekniske og funksjonelle krav.
- Gje råd, opplæring og brukarstøtte om teknisk bruk av læringsplattforma og relevant pedagogisk programvare.
- Gje teknisk rettleiing i universell utforming og bidra i arbeidet med å teste og vurdere om digitale løysingar oppfyller krav til universell utforming (WCAG).
- Gje råd og støtte til studentprosjekt som involverer utvikling av pedagogiske digitale løysingar.
- Delta i relevante nasjonale fagnettverk og halde institusjonen oppdatert på fagfeltet.
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
- Høgare utdanning innan IT, data, eller anna relevant utdanning på master- eller minimum bachelornivå.
- Solid kompetanse innan webutvikling (t.d. JavaScript, HTML, CSS, Python).
- Solid kjennskap til WCAG, og krav til universell utforming av IKT i gjeldande lovverk.
- Kjennskap til UX-design eller tenestedesign.
- Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk.
- Innsikt i viktigheita av universell utforming (UU), brukaroppleving (UX) og personvern (GDPR) for digitale løysingar.
Ønska kvalifikasjoner:
- Kjennskap til GDPR og ROS-analyse.
- Erfaring med analyseverktøy og metodar for å samle inn, analysere og gje råd basert på data frå ulike kjelder.
- Kunnskap om og interesse for store språkmodellar og kunstig intelligens.
- Erfaring med anskaffing- og anbodsprosessar.
- Erfaring med å gje brukarstøtte.
- Erfaring med å jobbe i tverrfaglege team.
Personlege eigenskapar:
- Nysgjerrig, proaktiv og har eit genuint ønske om å skape gode brukaropplevingar for studentar og tilsette.
- Løysingsorientert, analytisk og strukturert.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner med ulike menneske og yrkesgrupper
- Evne til å kommunisere tekniske konsept på ein forståeleg måte, også for ikkje-teknologar.
- God evne til å veksle mellom det operative og det langsiktige.
- Det vert lagt vekt på at du er personleg eigna til stillinga.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som rådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:
1) Avdelingsleiar, Robert Isaksen, tlf: 55 58 55 99, e-post: karl.robert.isaksen@hvl.no
Inkludere, utfordre og samhandle
Les meir på våre heimesider.Om bedriften
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Avdeling for utvikling av læring og undervising (ALU) har ansvar for høgskulens UH-pedagogiske arbeid. Ansvarsfeltet favner utdanningsfagleg kompetanse der fagdidaktikk og digitale arbeids- og læringsformer er viktige komponentar. ALU har ansvar for at høgskulen har eit solid tilbod til tilsette innanfor UH-pedagogikk, gjev støtte til digitale arbeids- og læringsformer og tilrettelegjer for sterke fagdidaktiske miljø i høgskulens utdanningstilbod. ALU deltar også aktivt i HVLs forsking på eigne utdanningar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ed15ecb9-9091-44fa-84fa-a21c0083d954
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10264999