Hopp til innhold

Vikariat som politiinspektør med funksjon som seksjonsleiar

Arbeidsgiver

Vest politidistrikt

Sted

Allehelgensgate 6, 5016 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Vikar seksjonsleiar påtale, seksjon org.krim, øko og miljø
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest lørdag 7. mars

Om stillinga

Felles eining for påtale i Vest politidistrikt har ledig vikariat som politiinspektør SKO 0290 med funksjon som seksjonsleiar frå oppstart til 31.01.2027 med mogleg forlenging.  

Seksjonsleiar er ein del av leiargruppa til leiar for Felles eining for påtale, saman med seks andre seksjonsleiarar. Seksjon org.krim, øko og miljø har mellom 14 og 16 tilsette påtalejuristar og har ansvaret for alle straffesaker innan organisert kriminalitet, økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet, samt påtaleledelse av skjulte etterforskningsmetodar.  
Seksjonen har dyktige og engasjerte juristar, som jobbar tett integrert med etterforskarar. Det er eit godt arbeidsmiljø blant juristane, med ein hektisk arbeidskvardag og med mange, til dels store og krevjande, saker.
Stillinga er plassert i Bergen.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.


Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å møte utfordringar knytt til kriminalitetsnedkjemping. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.


Arbeidsoppgåver

  • Daglig drift av seksjonen med personal-, resultat-, budsjett- og HMS-ansvar 
  • Leggje til rette for effektiv ressursutnytting, samarbeid og måloppnåing ved seksjonen spesielt og i organisasjonen generelt
  • Prioritere oppgåver i samsvar med overordna føringar og verksemdsplanar
  • Bidra til at fagområdet inngår i politiets strategiske arbeid og verksemdsplanlegging
  • Følge opp strategiske beslutninger og iverksette/beslutte endringer innen eget fagområde/egen enhet
  • Drive utviklingsarbeid, endring og fornying av straffesakshandsaminga innen seksjonens fagområder og i organisasjonen generelt
  • Ansvar for systematisk kvalitetskontroll og oppfølging av den samla straffesaksporteføljen innan seksjonens ansvarsområde
  • Bidra til god samhandling og samarbeid med andre interne og eksterne aktørar
  • Systematisk oppfølging av kvar enkelt påtalejurist i porteføljehandteringa si
  • Leggje til rette for god påtalefagleg leiing av etterforskinga
  • Jourtjeneste kan bli pålagt
  • Andre oppgåver pålagt av overordna

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • Juridisk embetseksamen/Master i rettsvitskap
  • Relevant fagkompetanse og arbeidserfaring fra påtalemyndigheten
  • Utdanning innan organisasjon og leiing fortrinnsvis frå universitet eller høgskule 
  • Leiarerfaring blir vektlagt og kan i særskilte tilfelle kompensere for manglande leiarutdanning 
  • Kunnskap og erfaring med HMS
  • God skriftleg og munnleg framstilling på norsk og engelsk
  • God IT- og systemkompetanse 
  • Du må ha plettfri vandel og være skikket for tjeneste i politiet og politiattest (uttømmende og utvidet) må innhentes ved ev. ansettelse jfr. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju.

Det er også ønskjeleg med::

  • Erfaring / kompetanse innan hele seksjonens fagfelt.
  • Solid erfaring fra arbeid i politiet og påtalemyndigheten, herunder etterforskingsledelse, påtaleavgjørelse og iretteføring av straffesaker
  • Kunnskap om personal- og økonomistyring
  • Kunnskap om offentleg forvaltning og statleg regelverk 

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til å setje retning, drive endring, vise personalomsorg og motivere sine medarbeidarar
  • Evne til handle i eit strategisk og heilskapleg perspektiv, og bidra til god verksemdsutvikling
  • Vere sjølvstendig og vedtaksfør med evne til å treffe avgjerder
  • Vere mål- og resultatorientert
  • Gode kommunikasjonsevner, vere løsningsorientert  og ein god relasjonsbyggjar både internt og eksternt 

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.


Dette kan vi tilby om du vel oss

  • Stillingen lønnes som politiinspektør med funksjon som seksjonsleiar (stillingskode 0290) med årslønn frå kr. 1.100.000,-. Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant annet gode pensjons- og forsikringsordninger. Les mer her
  • Gode arbeidsbetingelser (godt arbeidsmiljø, dagtid, moglegheit for hjemmekontor, og trening i arbeidstiden) 

Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.


Kontaktpersoner for stillingen

Spørsmål om elektronisk søknad/ CV

Seksjon for HR

207.HR@politiet.no

Sylvia Myklebust

Påtaleleder

post.vest@politiet.no

Om bedriften

Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 609 000 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt.Politidistriktet har om lag 1350 tilsette med konstituert politimeister Ane Kvaal som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8ad31e35-52c0-4d49-beac-e2e9d8fcb13e

Sist endret

23. februar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10283767

Lignende annonser