Politioverbetjent med funksjon som avsnittsleiar etterforsking
Vest politidistrikt
Kvershushaugane 2, 5914 Isdalstø
Om jobben
- Stillingstittel
- Avsnittsleiar etterforsking
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. mars
Om stillinga
I Vest politidistrikt, for tida i Geografisk driftsenhet Hordaland, er det ved Nordhordland politistasjonsdistrikt ledig stilling som politioverbetjent (SKO 0287) med funksjon som avsnittsleiar ved etterforskningsavsnittet. Nordhordland politistasjonsdistrikt består av to avsnitt, avsnitt for patrulje og avsnitt for etterforskning. I tillegg har tjenesteenheten tjenestestedsleiar i Masfjorden, fungerande tjenestestedsleiar ved Osterøy og Fagleiar for kriminalitetsforebygging.
Vest pd. har eit pågåande utviklingsprosjekt, Framdrift Vest. Her kan det koma organisatoriske endringar som kan ha innverknad på stillinga, men dette er førebels ikkje avklart.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi søkjer ein tydeleg og inspirende leiar som trivst med å ta ansvar for både menneske og resultat. Vi stiller høge krav til motivasjon, kompetanse, arbeidsmoral og etisk medvit. Du er genuint opptatt av å utvikle og motivere medarbeidarar. Du er ein kulturbærar og du har evna til å skape engasjement og gjennomføre nødvendig endringar. I ein hektisk kvardag har du evna til å bevare roen og tar ansvar for organisering og prioritering.
Vidare søkjer vi etter deg som til ei kvar tid opptrer profesjonelt og fungerer som ein god ambassadør for politiet gjennom haldningane og handlingane dine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum er avgjerande for suksess i organisasjonen vår. I vurderinga av kandidatar vil vi mellom anna leggje vekt på dette, samt evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø
Arbeidsoppgåver
- Personal, HMS- og resultatansvar for eige avsnitt
- Ansvar for å organisere og leie den daglege tenesta ved seksjonen/avsnittet
- Gi fagleg rettleiing til medarbeidarane ved avsnittet og tenesteeininga
- Delta i den daglege tenesta på avsnittet
- Ansvar for å følgje opp etterforsking som er tillagt tenesteeininga
- Beslagsansvarleg i tenesteeininga
- Ansvar for tenesteeiningas deltaking i HEVE etterforsking
- Være med å utvikle en kultur for openheit og likeverd, gjennom god leiing og aktivt medarbeidarskap
- Sørge for effektiv og tydeleg kommunikasjon med medarbeidarar, samarbeidspartnarar, innbyggarar, andre tenesteeiningar.
- Aktiv deltaking i tenesteeininga sin leiargruppe. Følgje opp og sette i verk leiargruppa sine avgjerder
- Mediekontakt for eige ansvarsområde
- Andre oppgåver pålagde av overordna
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen
- Erfaring frå straffesaksetterforsking
- God resultatoppnåing i tidlegare stillingar
- Kjennskap til systematisk HMS-arbeid
- God kjennskap til oppgåvene og utfordringane i politiet
- God munnleg og skriftleg framføring på norsk og engelsk
- God system- og IT-kompetanse
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju.
Det er også ønskeleg med:
- Relevant arbeidserfaring vil bli vektlagt
- Leiarutdanning og/eller leiarerfaring er ein fordel
- Vidareutdanning innan etterforsking og etterforskingsleiing er ein fordel
- Brei politifagleg kompetanse er ein fordel
- God kunnskap om aktuelt lov- og avtaleverk er ein fordel
- Kompetanse med porteføljestyring og arbeid i PAL, samt kjennskap til bruk av Excel vil bli vektlagt
- Erfaring frå etterforskingsleiing er ein fordel
- Kunnskap om offentleg forvaltning og statleg avtaleverk er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Resultatorientert med evne til å ta avgjerder og ha god
gjennomføringsevne - Evne til å handle i eit strategisk og helhetlig perspektiv
- Gode leiar eigenskapar, med evne til å vise god personalomsorg og motivere sine medarbeidarar
- Motivere og skape resultat i samhandling med andre, både internt og eksternt
- Gode evner til kommunikasjon og relasjonsbygging
- Evne til å tenke klart i en hektisk arbeidskvardag, og leie andre
gjennom det same - Samfunnsorientert med forståing for eininga si rolle i
samfunnsoppdraget til politiet - Setje retning, drive endring og bidra til god verksemdsutvikling
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme framtidas polititenester
- Stillinga vert lønna som politioverbetjent med funksjon som avsnittsleiar (stillingskode 0287) med årslønn: frå kr. 880.000,-. Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no
- Gode arbeidsvilkår der du får moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag og utvikle deg (turnus, trening i arbeidstida, o.l)
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 609 000 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt.Politidistriktet har om lag 1350 tilsette med konstituert politimeister Ane Kvaal som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3f534a1b-e3ba-4338-a14f-f99e3a59ac4d
- Sist endret
23. februar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10283768
Lignende annonser
Avsnittsleiar patrulje
Arbeidsgiver
Vest politidistrikt
Sted
Isdalstø
Vikar seksjonsleiar påtale, seksjon org.krim, øko og miljø
Arbeidsgiver
Vest politidistrikt
Sted
Bergen
Politiførstebetjent med funksjon som spesialmedarbeider, etterforskning
Arbeidsgiver
Vest politidistrikt
Sted
Bergen