Hopp til innhold

Lege i spesialisering i onkologi

Arbeidsgiver

Kreftklinikken, Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Oppstart
31. august 2026
Stillingstittel
Lege i spesialisering i onkologi
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
7

Søk på jobben

Søk senest mandag 11. mai

Kreftklinikken på Haukeland universitetssjukehus er Vestlandet si regionale kreftavdeling. Vi har ansvaret for dei fleste former for avansert ikkje-kirurgisk kreftbehandling i Helse Vest RHF, herunder stråleterapi og medikamentell kreftbehandling.   

Ved sida av utgreiing og behandling av pasientar i samsvar med internasjonalt anerkjende opplegg, blir det arbeidd med forbetring av eksisterande behandlingsmetodar og utvikling av nye tilbod. Avdelinga har fleire aktive forskingsmiljø som driv på høgt internasjonalt nivå.

Ved stråleterapi blir det lagt stor vekt på å bruke behandlingsopplegg som er utarbeida spesielt for den enkelte pasient, for å oppnå best mogleg effekt på kreftsjukdommen, og redusere biverknadane.

Vi arbeider tverrfagleg og multidisiplinært med mange faggrupper til det beste for pasienten. Det er eit integrert samarbeid med opererande avdelingar i sjukehuset om multimodal kreftbehandling, og det er etablert eit sarkomsenter med 4-6 senger på ein av postane. Vi er per i dag 28 LIS-legar og rundt 43 overlegar.

Vi har no ledig fast stilling og vikariat (6 og 12 månaders varigheit) frå september 2026 som lege i spesialisering i onkologi. Lege i spesialisering i onkologi-vikariata kan telje som del av spesialistutdanninga. For vikariat kan cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 òg søke og vil bli vurdert dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkarar. Cand.med. blir inkludert i vaktrotasjon, hvis ledig vaktplan. 

For fast stilling gjeld følgande: Vi tilbyr spesialistutdanning som dekker heile utdanningsløpet i onkologi med rotasjonsordning til medisinsk teneste (hematologi og annan medisinsk seksjon). Det er eit integrert tilbod om hospitering ved Lungeavdelinga. Spesialistutdanninga vil gå føre seg i Bergensområdet, inkludert sideutdanninga. Etter fullført spesialisering, vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.

Tiltreding i stillingane fortløpande. Opplys i søknaden om du ønsker å starte før september 2026 og opplys om du søker fast stilling, vikariat eller begge.


Arbeidsoppgåver

  • Legar i spesialisering vil i rotasjon vere fordelt på ulike team på sengepostane. Legar i spesialisering deltar i postarbeid med mellom anna visittgang, inn- og utskriving av pasientar, poliklinikk og vurdering av pasientar saman med overlege. Seinare får legar i spesialisering under supervisjon av overlege sjølvstendige oppgåver knytta til vurdering av behandlingsopplegg, inkludert strålebehandling med målvoluminnteikning
  • Det er p.t. 26-delt tilstadesvakt

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS stilling i onkologi
  • For vikariat kan cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 òg søke og vil bli vurdert dersom det ikkje er andre kvalifiserte søkarar
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • God skriftleg dokumentasjonsevne
  • Anna som blir lagt vekt på er vitskapelege merittar og evner
  • Dokumentert relevant erfaring

Personlege eigenskapar

  • Er effektiv og rasjonell når ein utfører sitt arbeid
  • Forstår raskt komplekse spørsmål og problem
  • Demonstrerer god fagleg kunnskap og vurderingsevne, og kan integrere dette i sitt daglege arbeid og i fagutvikling på ein god måte
  • Identifiserer og skil ut kva som er relevant informasjon om ein pasient, og sikrar korrekt oppfølging av pasienten
  • Kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og anna helsepersonell, kan tilpasse og formidle kompleks informasjon til desse
  • Behandlar pasientar og pårørande profesjonelt, respektfullt og empatisk, møte menneske i krise på ein god måte
  • Har god munnleg og skriftleg presentasjonsevne
  • Har vilje og evne til å tilpasse seg skiftande krav og tilhøve
  • Stillingane passar godt til legar med stor fagleg interesse og arbeidskapasitet

Vi tilbyr

  • God opplæring og rettleiing av erfarne legar
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Eit givande arbeid og anledning til å utvikle seg mykje personleg og fagleg innanfor eit godt arbeidsmiljø
  • Sideutdanning tilknytt spesialistforløpet i onkologi
  • Eigen rotasjonsordning for indremedisin sideutdanning


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Martin Pilskog, Ass. seksjonsleiar, 41760139

Arbeidssted

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5101830204
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 31.08.2026
Søknadsfrist: 11.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Martin Pilskog

Ass. seksjonsleiar

41760139

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8a881b7a-49f9-4184-a7af-0a8931aa28e7

Sist endret

17. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

94571c7dc7af46689daeb9c2692e8e49

Lignende annonser

Laster lignende annonser