Hopp til innhold

Lege i spesialisering (LIS 2/3) i medisinsk biokjemi – 1 års vikariat med moglegheit for forlenging 

Arbeidsgiver

Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Oppstart
3. august 2026
Stillingstittel
LIS 2/3 i medisinsk biokjemi
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 14. juni

Vil du vere med å forme kva tenester laboratoriet skal tilby i framtida? Ønsker du ein legejobb der du i stor grad kan styre din eigen arbeidskvardag utan direkte pasientkontakt, men der tolking av komplekse prøvesvar bidreg til diagnostikk og oppfølging av pasientar? Som LIS hos oss får du ein dagtidsjobb der du kan bidra til diagnostikk, kvalitetsarbeid og forsking i eit fagfelt som stadig er i utvikling. 

Vi har frå 03.08.2026, eller etter avtale, ledig eit vikariat med varigheit på 1 år, med moglegheit for forlenging, som lege i spesialisering (LIS 2/3) i medisinsk biokjemi. Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga.

Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi tilbyr eit breitt spekter av diagnostiske tenester som dekker alle fagområda innan medisinsk biokjemi, slik som koagulasjonsanalysar, vitamin, hemoglobinopati, porfyri og tumormarkørar. Avdelinga driv òg forskings- og utviklingsaktivitet knytt til fleire av fagområda. Stillinga er knytt til legegruppa i medisinsk biokjemi, som i dag har sju overlegestillingar og to LIS. Totalt har avdelinga 350 tilsette derav 12 analytiske seksjonar, tre legegrupper, kvalitetsgruppe, IT-gruppe og stabsfunksjonar.

Aktuelle kandidatar kan bli innkalla til intervju undervegs i prosessen. 


Arbeidsoppgåver

  • Rådgiving og rettleiing til rekvirerande legar
  • Vurdering og tolking av prøvesvar
  • Delta i arbeid med etablering av nye analysar og referansegrenser  
  • Bidra med undervisning av andre tilsette i avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3 stilling i medisinsk biokjemi 
  • Teneste ved laboratorium vil bli vektlagd
  • Søkar må meistre norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg (Det blir kravd at ein kan dokumentere kunnskapar i norsk språk tilsvarande Bergenstesten B2)
  • God skriftleg dokumentasjonsevne
  • Søkar bør kunne utarbeide skriftleg informasjon på nynorsk

Personlege eigenskapar

  • Interesse og motivasjon for fagfeltet medisinsk biokjemi
  • Like å arbeide strukturert og målretta og fordjupa seg i ulike fagområde 
  • God oversikt over eigne oppgåver og klarer å prioritere mellom desse
  • Innsikt i eigne fagkunnskapar og spørje om hjelp når ein er usikker 
  • Evne til gode samarbeidsrelasjonar og kommunikasjon med alle nødvendige yrkesgrupper 
  • Du kan følge opp delegerte oppgåver

Vi tilbyr

  • Dagtidsarbeid (8–16)
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst mellom Helse Bergen og Dnlf
  • Teneste som er relevant for spesialistutdanning i medisinsk biokjemi, men som òg er nyttig for mange andre medisinske spesialitetar
  • Fagleg utvikling og fordjuping innan særskilde fagområde i medisinsk biokjemi
  • Triveleg og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod
  • Konkurransedyktig pensjonsordning, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Kristin Holstad, Seksjonsoverlege, 55973238, kristin.holstad@helse-bergen.no
Hege Hoff Skavøy, Avdelingssjef, 55974397, hege.hoff.skavoy@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5134187075
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 03.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 14.06.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Hege Hoff Skavøy

Avdelingssjef

55974397

hege.hoff.skavoy@helse-bergen.no

Kristin Holstad

Seksjonsoverlege

55973238

kristin.holstad@helse-bergen.no

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f904383c-8a53-4e8c-aec4-f4a877fce95d

Sist endret

22. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

5f644fc5923646dab0b05d014a8e9862

Lignende annonser

Laster lignende annonser