Hopp til innhold

LIS 2/3 I PALLIATIV MEDISIN

Arbeidsgiver

Palliativt senter, Helse Bergen HF, Kirurgisk serviceklinikk

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Oppstart
1. september 2026
Stillingstittel
LIS 2/3 I PALLIATIV MEDISIN
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 23. juni

Palliativt senter har ledig 100% stilling for LIS 2/3 

Vi søkjer etter legar med interesse for fagområdet palliativ medisin.  

Rettleiing og undervisning for utdanningsstillinga LIS vil bli gitt i samsvar med krava til Kompetanseområde palliativ medisin. Kompetanseområde palliativ medisin er ei påbygging etter spesialistgodkjenning.  

Det er etablert vaktordning for legar ved Palliativt senter, frå hausten 2026 vil denne vere sjudelt. Det er til saman om lag 9 legeårsverk ved palliativt senter. Ut frå klinisk kompetanse og erfaring kan LIS bli del av vaktordninga, etter individuell vurdering i løpet av tilsetjingsperioden. 

Palliativt senter og Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest (KLB) utgjer det regionale palliative senteret i Helseregion Vest. Frå august 2026 vil begge desse einingane vere organisatorisk plassert i Kreftklinikken, Helse Bergen og palliativt senter blir flytta frå Glasblokkene til Marie Joys hus.  

Palliativt senter består av palliativ sengepost og palliativt team. I tillegg til drift av palliativ sengepost og poliklinikk er seksjonen i hovudsak ei konsulenteining som vurderer pasientar innlagd i sjukehuset (palliativt team), gir råd til spesialisthelsetenesta og dei kommunale helse- og omsorgstenestene og gir undervisning innanfor det palliative fagområdet. Legegruppa roterer mellom dei ulike oppgåvene.     

Vi legg vekt på  tverrfagleg samarbeid og dei yrkesgruppene som er tilsett i eller knytt til avdelinga er sekretærar, sjukepleiarar, legar, psykologar, fysioterapeutar, ergoterapeutar,  musikkterapeut, sosionom og prest.  


Dersom ein ikkje får kvalifiserte søkjarar til LIS stillinga, kan cand med søkje på stillinga, med mellombels tilsetjing i inntil eitt år.  

      

Arbeidsoppgåver

  • Hovudoppgåva er postarbeid som lege ved palliativ sengepost   
  • Det vil også bli rotasjon mellom arbeidsoppgåver i palliativt senter, som poliklinikk og tilsyn frå palliativt team til pasientar innlagd ved ulike avdelingar ved HUS   
  • Tett samarbeid med alle faggrupper i palliativt team   
  • Vurdering og tilvising til andre palliative tilbod og samarbeid med desse    
  • Bidra til god samhandling  mellom spesialist- og kommunehelsetenesta   
  • Utvikle fagleg kompetanse og kunnskap innan lindrande behandling på sjukehus og i kommunehelsetenesta, ved å bidra med undervisning, rettleiing, fagdagar o.l.   
  • Heimebesøk og/eller samarbeidsmøte med kommunal helseteneste når det blir vurdert nødvendig   

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege   
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg   

Personlege eigenskapar

  • Interesse og motivasjon for fagfeltet og for tverrfagleg samarbeid   
  • Gode samarbeidsevner og kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor pasientar/ pårørande og andre samarbeidspartnarar   
  • Evne til å vere lydhøyr overfor pasientar og pårørande i ein krevjande livssituasjon   
  • God fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta   
  • Tar initiativ og du arbeider sjølvstendig   
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø   
  • Kan følgje opp delegerte oppgåver  

Vi tilbyr

  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø   
  • Tett samarbeid internt i klinikken og med ulike avdelingar på sjukehuset   
  • Avdelinga har utdanningsutval for legene og også felles undervisningar   
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Nina Hjort, Seksjonsoverlege, +47 71701769, nina.elisabeth.hjort@helse-bergen.no
Monika Kvamme, Seksjonsleiar, +47 41701778, monika.kvamme@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5141040948
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 23.06.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Monika Kvamme

Seksjonsleiar

+47 41701778

monika.kvamme@helse-bergen.no

Nina Hjort

Seksjonsoverlege

+47 71701769

nina.elisabeth.hjort@helse-bergen.no

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7176cd3b-5159-4730-b870-940d088f7a91

Sist endret

8. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

50a3ae39a05442cc98b59f8cab267a69

Lignende annonser

Laster lignende annonser