Hopp til innhold

Lege i spesialisering i medisinsk biokjemi, fast stilling 

Arbeidsgiver

Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Lege i spesialisering i medisinsk biokjemi
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 10. juni

Vil du vere med på å forme kva tenester laboratoriet skal tilby i framtida? Ønsker du ein legejobb der du i stor grad styrer din eigen arbeidskvardag, med moglegheit for fordjuping i fleire medisinske problemstillingar? Som LIS hos oss får du ein unik moglegheit til å bidra til diagnostikk, forsking og utvikling innan eit fagfelt som stadig er i endring.

Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) tilbyr eit breitt spekter av diagnostiske tenester som dekker alle fagområda innan medisinsk biokjemi. Avdelinga driv og forskings-, utviklings- og formidlingsaktivitet knytt til fleire av fagområda.

Avdelinga har tre legegrupper: Hormonlaboratoriet si legegruppe, Seksjon for medisinsk biokjemi og Seksjon for klinisk farmakologi. Stillinga er knytt til Hormonlaboratoriet si legegruppe, som i dag har 2,6 overlegestillingar og tre LIS.

Totalt har avdelinga 350 tilsette, fordelt på legegruppene, 12 analytiske seksjonar, ei eiga kvalitetsgruppe, IT-gruppe og stabsfunksjonar. Som lege ved avdelinga vil du ha arbeidsstad ved Laboratoriebygget ved Haukeland universitetssjukehus.

Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.

Oppstart 01.09.26 eller etter avtale.


Arbeidsoppgåver

  • Vaktordning på dagtid (8-16)
  • Vurdering og kommentering av analysar
  • Rådgiving og rettleiing til rekvirerande legar og andre
  • Delta i arbeid knytta til metodeutvikling, referansegrenser, kvalitetsutvikling og etablering av nye analysar
  • Gjennomføre oppgåver i samband med akkreditering og kvalitetssikring
  • Moglegheit for fordjuping innan avdelinga si verksemd
  • Bidra med undervisning av andre tilsette i avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3 stilling i medisinsk biokjemi 
  • Teneste ved laboratorium vil bli vektlagd
  • Relevant klinisk tjeneste vil bli vektlagd
  • Søkar må meistre norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg (Det blir kravd at ein kan dokumentere kunnskapar i norsk språk tilsvarande Bergenstesten B2)
  • God skriftleg dokumentasjonsevne
  • Søkar bør kunne utarbeide skriftleg informasjon på nynorsk

Personlege eigenskapar

  • Du har interesse og motivasjon for fagfeltet medisinsk biokjemi
  • Du har interesse og motivasjon for forskning
  • Du tar initiativ til forbetring/utvikling i avdelinga
  • Du har god fagleg vurderingsevne og arbeider strukturert og målretta 
  • Du kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor kollegaer og samarbeidspartnarar
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper
  • Du har oversikt over eigne oppgåver og klarer å prioritere mellom desse
  • Du kan følge opp delegerte oppgåver

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst mellom Helse Bergen og Dnlf
  • Spesialistutdanning i medisinsk biokjemi, inkludert sideutdanning dersom behov
  • Fagleg utvikling og moglegheit for fagleg fordjuping innan særskilde fagområde i medisinsk biokjemi 
  • Gode moglegheiter for forsking innan vår forskingsverksemd
  • Triveleg og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Kristin Viste, Einingsleiar, 55977812

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5132276599
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Kristin Viste

Einingsleiar

55977812

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8afb3b54-6124-46e7-a215-57d04b61511d

Sist endret

20. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

2bcbb23d852a47ac888d3a0c9f1a373d

Lignende annonser

Laster lignende annonser