Seksjonsleiar lege - Radiologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus Helse Bergen HF
Radiologisk avdeling, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Seksjonsleiar lege - Radiologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus Helse Bergen HF
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. oktober
Vi søkjer ein seksjonsleiar lege med sterk fagleg forankring og gjerne med leiarerfaring for å vidareutvikle vårt høgt spesialiserte fagmiljø.
Om avdelinga
Radiologisk avdeling er ei av dei største i landet, og avdelinga utfører eit breitt spekter av diagnostiske undersøkingar og intervensjons- og behandlingsprosedyrar.
Vi tilbyr avansert biletdiagnostikk innan nukleærmedisin og radiologi for mellom anna områda nevroradiologi, muskel- og skjelettradiologi, onkologisk biletdiagnostikk, thorax- og abdominal radiologi, brystdiagnostikk, barneradiologi og intervensjonsradiologi.
Avdelinga har ei sentral rolle i sjukehuset si tverrfaglege pasientbehandling og samarbeider med Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet om forsking og utdanning av legar og radiografar.
Avdelinga har om lag 360 tilsette, deriblant 80 overlegar og 18 LIS-legar. Legane samarbeider tett med radiografar, fysikarar og anna helsepersonell. Vi har moderne utstyrspark som inkluderer MR, CT, PET, ultralyd og røntgen/intervensjons-diagnostikkrom. Avdelinga og avdelinga si forskingseining (MMIV) er ein leiande aktør innan implementering av kunstig intelligens (KI) i biletdiagnostikk.
Om stillinga
Som seksjonsleiar for legane vil du ha det overordna ansvaret for den medisinskfaglege drifta ved avdelinga. Du vil vere ein del av avdelinga si leiargruppe og jobbe tett med avdelingsdirektør, seksjonsleiarar og nøkkelpersonell for å sikre høg kvalitet på tenesta, pasientsikkerheit, fagutvikling og forsking.
Arbeidsoppgåver
- Fagleg leiing og utvikling av avdelinga i tråd med sjukehuset sin strategi
- Personalansvar for overlegane og fagleg rettleiing for LIS-legar i samarbeid med assisterande seksjonsleiar lege
- Sikre forsvarleg medisinsk drift og optimal pasientflyt
- Bidra til utvikling av nye diagnostiske metodar og vidareutvikling av KI-verktøy og digitale løysingar
- Tverrfagleg samarbeid med kliniske avdelingar for å optimalisere diagnostiske tenester
- Delta i forskings- og innovasjonsarbeid innan radiologi
- Overordna ansvar for utdanning og kompetanseutvikling i avdelinga
- Representere avdelinga i relevante faglege og administrative forum
Vi ser etter ein fagleg sterk og engasjert leiar med følgjande kvalifikasjonar
- Spesialist i radiologi med norsk autorisasjon
- Dokumentert erfaring med leiing eller sterk interesse for leiarutvikling er ein fordel
- Erfaring med organisering av radiologiske tenester
- Erfaring frå forskingsarbeid med gjennomført PhD, samt erfaring med kvalitetsforbetring eller innovasjon er ein fordel
- Gode evner til strategisk tenking, samarbeid og kommunikasjon
- Kjennskap til ressursstyring, arbeidstidsplanlegging og bruk av kunstig intelligens i radiologi er ein fordel
Vi oppmodar òg deg som ikkje har lang leiarerfaring, men som har stor motivasjon for leiarutvikling og engasjement for radiologifaget, til å søkje
Personlege eigenskapar
- Evne til å motivere og utvikle medarbeidarar
- Gode evner til strategisk tenking, kommunikasjon og samarbeid
- Høg gjennomføringsevne og strukturert arbeidsstil
- Sterke samarbeidsevner og evne til å byggje relasjonar
- Evne til å handtere endringsprosessar med tryggleik og profesjonalitet
Vi tilbyr
- Ei sentral leiarrolle i ei av dei mest avanserte radiologiske avdelingane i landet
- Moglegheita til å påverke fagfeltet gjennom leiing, innovasjon og forsking
- Eit sterkt leiarteam og god administrativ støtte
- Konkurransedyktige pensjons- og forsikringsordningar
- Eit inkluderande arbeidsmiljø prega av samarbeid og fagleg utvikling.
Bli ein del av vårt sterke fagmiljø – vi ser fram til å høyre frå deg!
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Stillinga er ledig frå 1. januar 2026.
Vil du vere med å utvikle framtidas bildediagnostikk og skape eit miljø der både barn, unge og vaksne pasientar får god og trygg behandling – då vil vi gjerne høyre frå deg!
Kontaktinformasjon
Ingfrid Haldorsen, Avdelingsdirektør, 55972327, ingfrid.helene.salvesen.haldorsen@helse-bergen.noArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5023680033
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8937a785-e29e-45b5-823a-ace840c4df46
- Hentet fra
talentech
- Referanse
117cafd6683a465abf771e0feceb0f69