Me søkjer etter avdelingsleiar, fastlege og sjukeheimslege
Samnanger kommune
Tyssevegen 108, 5650 Tysse
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar, fastlege, sjukeheimslege
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest fredag 31. oktober
Om stillinga
Samnanger kommune ligg midt mellom Bergen og Hardanger – tett på både by- og naturopplevingar. På helsetunet finn du legekontoret samlokalisert med fysioterapi/ergoterapi, helsestasjon, jordmor, kommunepsykolog og Samnangerheimen rett over vegen.
Legetenesta har fire fastlegeheimlar, tre dyktige og stabile medarbeidarar (helsesekretærar og sjukepleiar) og eit godt fagmiljø. Kommunen skal opprette ei ny fastlegeliste med 400–500 pasientar, og har samtidig behov for styrka ressursar på sjukeheimslegefunksjonen.
Helse og omsorg i Samnanger kommune er i gang med ei omorganisering der legekontoret blir etablert som eiga avdeling. For å sikre god drift og utvikling søkjer me ein avdelingsleiar som kan leie legekontoret vidare inn i ei ny tid, fastlegestilling for å ha listekapasitet til innbyggjartalet, og sjukeheimslege for å styrka sjukeheimen si legedekning.
Difor søkjer me deg som vil vere med og utvikle helsetenesta i kommunen vidare – i rolla som avdelingsleiar, fastlege og/eller sjukeheimslege. Du kan søkje på heile stillinga eller delar av den, avhengig av kva som passar deg.
Arbeidsoppgåver
Fastlege
- Gi helsehjelp til eigne listepasientar i tråd med lover, forskrifter og avtaleverk
- Kollegial fråværsdekning og kommunale oppgåver som dagberedskap
- Deltaking i Bjørnafjorden interkommunale legevakt (vaktsystem 1:15)
Avdelingsleiar
- Overordna ansvar for drift og utvikling av legekontoret
- Personalansvar og leiing av medarbeidarar, inkludert fagleg rettleiing
- Ressurs- og budsjettstyring, samt arbeid med måloppnåing
- Leggje til rette for gode arbeidsprosessar, samarbeid og samhandling med andre tenester i og utanfor kommunen
- Bidra til utvikling av kvalitetsrutinar, pasienttryggleik og innovasjon
Sjukeheimslege
- Medisinsk ansvar for sjukeheimspasientar
- Diagnostikk og behandling
- Rettleiing av helsepersonell, pasientar og pårørande ved Samnangerheimen
Kvalifikasjonar
Krav- Fastlegestilling og sjukeheimslege:
- Fullført LIS1-teneste/turnusteneste (for legefunksjonane)
- For leiarstilling:
- evne til å leie, utvikle og koordinere
- Norsk autorisasjon og politiattest etter helsepersonellova
- God språkforståing og formidlingsevne
- Spesialisering i allmennmedisin (påbegynt eller fullført)
- Leiarutdanning eller leiarerfaring
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som er:
- Engasjert, tydeleg og inkluderande som leiar og kollega
- God til å samarbeide på tvers av faggrupper
- Strukturert, sjølvstendig og med blikk for utvikling
- Fagleg nysgjerrig og motivert for å bidra til eit sterkt fellesskap
- Personleg eignaheit og samarbeidsevne vert vektlagt
- Evne til å arbeida effektivt, sjølvstendig og ha gode formidlingsevne
- Interesse og engasjement for allmenmedisin
Me tilbyr
- ALIS-avtale og støtte til spesialisering i allmennmedisin
- Trivelege lokale med stabilt fagmiljø
- Moglegheit for heimekontor ved behov
- Ein arbeidskvardag med høg grad av fagleg variasjon og stor påverknadskraft
- I fastlege stillinga val mellom fastlønsstilling eller næringsdrift (8.2-avtale)
- Godtgjersle for næringsdrivande for deltaking i kommunal ordning for øyeblikkeleg hjelp på dagtid
- Økonomisk stønad til kursdeltaking
- Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
- Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Fleksible arbeidstidsordningar
- Gode velferdsordningar
Arbeidstilhøve
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, HR-dir. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.
Om oss
På helsetunet ligg følgande underavdelingar: kommunal fysioterapeut og ergoterapeut, kommunepsykolog, jordmor, helsesjukepleiarteneste inkl. helsestasjon for ungdom, kommuneoverlege og legekontor. Legekontoret har 4 fastlegar, 1 sjukepleiar og 2 helsesekretærar. Fastlegane har bistilling som sjukeheimslege og helsestasjonslege. På helsetunet er det også eit privat fysikalsk institutt.
Legkontoret har godt arbeidsmiljø med legar og hjelpepersonell med lang fartstid på Helsetunet.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
I hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit. Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk. Kraftkommunen med sine 2 500 innbyggjarar er i vekst, og potensialet er stort. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare.Helse og omsorg er ein sektor leia av kommunalsjef. Pleie og omsorg, helse, barnevern, NAV og flyktningetenesta er knytta til sektoren. Helse og omsorg har som mål å leggja til rette for tenester tilpassa den einskilde, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innholdsrikt liv.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
44d243ef-0a94-43be-ad0d-a9a053cc52d8
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10266885
Lignende annonser
Ledig fastlegeheimel ved Knarvik legekontor
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Isdalstø
Arbeidsgiver
Samnanger kommune
Sted
Tysse
Arbeidsgiver
Enhet for allmennmedisin, Bergen kommune
Sted
Rådal