Helsesjukepleiar
Samnanger kommune
Tyssevegen 108, 5650 Tysse
Om jobben
Stillingstittel
Helsesjukepleiar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. oktober
Om stillinga
Er du ein engasjert og omsorgsfull helsesjukepleiar som brenn for å fremje helse og trivsel blant barn, unge og familiar? Då kan du vere den me leitar etter!
Samnanger kommune søkjer no etter ein dyktig og dedikert helsesjukepleiar. Me har eit ledig vikariat frå 01.01.2026 til 15.12.2026 . Stillingsstorleik frå 50 - 100 %. I søknaden kan du spesifisera kva stillingstorleik du ynskjer.
Me tilbyr ein spanande og variert arbeidskvardag der du får moglegheit til å jobbe førebyggjande og helsefremjande i eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø. Me er organisert i førebyggjande avdeling, under eining for livsmeistring.
Arbeidsoppgåver
- Helsefremjande og førebyggjande arbeid ift nasjonal faglege retningslinjer for helsestasjons- og skulehelsetenesta
- Primært arbeid i skulehelsetenesta, derav samtaletid på skulane, undervisning i klassane og rettleiing av foreldre og lærarar
- Vaksinering
- Arbeid på Helsestasjon for ungdom
- Tverrfagleg samarbeid med andre avdelingar som jobbar med barn og unge
- Oppfølging av minoritetspråkelege/flyktningar
- Arbeidsoppgåver knytt til helsestasjonsarbeid 0-5 år kan bli aktuelt
Kvalifikasjonar
Krav- Autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning i helsesjukepleie
- Dersom det ikkje er kvalifiserte søkjerar, kan sjukepleiar med anna relevant vidareutdanning og/eller erfaring med arbeid knytt til barn og unge bli vurdert
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk
- Det er krav om godkjent politiattest
- Det er krav om at ein fyller ut eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltreding
- Erfaring som helsesjukepleiar
- Kjennskap til dokumentasjonssystemet HSpro
- Kjennskap til relevant lovverk og nasjonale faglege retningslinjer for tenesta
Personlege eigenskapar
- Evne til sjølvstendig og strukturert arbeid, nytenking og samarbeid er blant dei eigenskapene me ser som sentrale for å trivast og lukkast som helsesjukepleiar
- Målretta og fagleg engasjert
- Gode relasjons- og kommunikasjonseigenskaper
- Fleksibel og løysingsorientert
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Me tilbyr
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di
- Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
- Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Fleksible arbeidstidsordningar
- Gode velferdsordningar
Arbeidstilhøve
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, HR-dir. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
I hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit. Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk. Kraftkommunen med sine 2 500 innbyggjarar er i vekst, og potensialet er stort. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare.
Helse og omsorg er ein sektor leia av kommunalsjef. Pleie og omsorg, helse, barnevern, NAV og flyktningetenesta er knytta til sektoren. Helse og omsorg har som mål å leggja til rette for tenester tilpassa den einskilde, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innholdsrikt liv.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ace3f4a3-9ccf-4f2f-bd04-5cd6707bceb1
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10266103