Hopp til innhold

Er du vår nye tekniske inspektør i Molde?

Arbeidsgiver

Fjord1 AS

Sted

Romsdalsgata 9-11, 6415 Molde

Om jobben

Stillingstittel
Teknisk inspektør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest i morgen

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan grønt skifte og teknologi, og vi står i front med ein fartøysportefølje som er blant dei mest teknisk avanserte i verda. Vi har eit sterkt fokus på å vere best på miljøvennleg og påliteleg ferje- og hurtigbåttransport.

For å styrke den tekniske kompetansen og forbetre drifta har vi samla alle våre tekniske inspektørar og fagkompetanse i ei ny teknisk avdeling i drifstorganisasjonen. Vi ønsker å styrke dette laget og er no på jakt etter nye tekniske inspektørar. Er du ein teknisk dyktig og løysingsorientert person som ønskjer å vere med på å sikre at våre fartøy og ladeanlegg held topp kvalitet? Då er du den vi leitar etter!



Arbeidsoppgåver

Som teknisk inspektør får du ansvar for oppfølging og kvalitetssikring av ei definert fartøyportefølje. Du vil vere ein viktig brikke i å sikre at fartøya til ei kvar tid er teknisk operative.

  • Teknisk oppfølging av fartøy
  • Planlegging og oppfølging av vedlikehald, reparasjonar og verkstadopphald
  • Oppfølging av vedlikehaldssystem (Amos)
  • Tett dialog med skipsfører og mannskap for planlegging og koordinering av oppgåver
  • Budsjett- og økonomioppfølging
  • Koordinering mot Sjøfartsdirektoratet og klasseselskap

Stillinga vil innebære noko reising

    Kven ser vi etter?

    Vi ser etter ein teknisk dyktig og sjølvstendig person som har eit sterkt engasjement for kvalitet og driftssikkerheit. Du har evne til å handtere utfordringar og finne løysingar på komplekse problem. Du trives i ei sjølvstendig rolle, men veit også at samarbeid er nøkkelen til suksess. Som teknisk inspektør hos oss vil du ta ansvar for viktige tekniske oppgåver, og vi ønskjer ein person som er proaktiv og har høg gjennomføringsevne.

    For å lykkast og trivast i rolla ser vi for oss at du har:

    • Høgare utdanning innan tekniske fag, helst maskin, elektro, nautikk eller liknande
    • Kjennskap til skip og maritim drift
    • Gode ferdigheiter i norsk og engelsk, både muntleg og skriftleg
    • Er komfortabel med bruk av IT som arbeidsverktøy
    • Strukturert og løysingsorientert, med evne til å jobbe sjølvstendig og prioritere mellom oppgåver
    • Evne til å samarbeide og kommunisere effektivt med både kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar

     

    Kandidatar vil bli kontakta fortløpande!

    Di rolle

    Som teknisk inspektør vil du i lag med ditt team få ansvar for ei definert portefølje. Dette betyr mellom anna at du vert ansvarleg for fartøy & ladeanlegga sin tekniske tilstand, og for at dei til ei kvar tid er teknisk operative. Du vil være eit viktig bindeledd mellom landorganisasjonen og fartøya som er i drift. Som teknisk inspektør bistår du fartøya ved eventuelle tekniske utfordringar, styrer budsjett for fartøya og du er med å både planlegge og gjennomføre verkstadopphald. 

    Her treng du ikkje superkrefter men du må ha god teknisk kompetanse. Du må kunne handtere komplekse problemstillingar, og du har høg gjennomføringsevne. Du må like å operere sjølvstendig, og skape gode relasjonar til kollegaer. 

    Gode grunnar til å velge oss!

    Som teknisk inspektør hos Fjord1 får du moglegheita til å vere med på å forme framtida for eit av dei mest spennande og innovative selskapa innan grønn maritim transport. Du vil få jobbe med tekniske utfordringar på verdsleiande fartøy og tett med eit sterkt team av fagfolk. Vi tilbyr ei sjølvstendig stilling med stort ansvar, der du får ta eigne beslutningar og vere med på å sikre høg teknisk standard på våre fartøy. Hos oss får du gode moglegheiter for fagleg utvikling og vekst, og du blir ein del av eit arbeidsteam med høgt fokus på trivsel og samarbeid. Vi legg stor vekt på fleksibilitet, og hos oss får du mulighet til å påverke både arbeidsmetodar og tekniske løysingar. 

    Teamet i Molde er klar til å ta imot deg! Saman med resten av gjengen i Fjord1 leverer vi tenester for samfunnskritisk infrastruktur med stoltheit. Når vi krydrer dette med gode velferdstilbod, forsikringar og blandt dei beste pensjonsordningane i marknaden, så håpar vi du blir nysgjerrig på oss! 

     

    Er du klar for å ta utfordringa og gjere ein forskjell? 

    Søk no, og bli ein viktig del av Fjord1!


    Kontaktinformasjon

    Ole Andre Farstaddal, Teamleiar teknisk, +47 97783596
    Geir Hillersøy, Leiar teknisk driftseining, 90010855
    Nina Eren Hovland Liseth, HR rådgjevar, 95152023

    Arbeidsstad

    Romsdalsgata 9-11
    6415 Molde

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Fjord1 AS

    Referansenr.: 5080078903
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 26.02.2026

    Kontaktpersoner for stillingen

    Nina Eren Hovland Liseth

    HR rådgjevar

    95152023

    Geir Hillersøy

    Leiar teknisk driftseining

    90010855

    Ole Andre Farstaddal

    Teamleiar teknisk

    +47 97783596

    Om bedriften

    Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

    Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

    Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

    Sektor

    Privat

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    8848d5ba-833e-41dc-8702-6f2a0eb0dd6d

    Sist endret

    12. februar 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    cbd53629bad84d568fcc4ac3230c2038

    Lignende annonser