Assisterande styrar i Nybø barnehage
Sogndal kommune Nybø barnehage
Riverdalen 5, 6863 Leikanger
Om jobben
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 40%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. april
Nybø barnehage ligg i Leikanger, omlag 20 kilometer frå Sogndal sentrum, og har inneverande barnehageår 53 barn fordelt på 3 avdelingar.
Me har to aldersblanda einingar i Fylkesmannsgarden og ei småbarnseining i Sorenskrivargarden. Begge bygga er flotte bygg frå midten av 1800-talet, med sjel og eit koseleg miljø.
Barnehagen ligg fint til i solrike omgjevnadar heilt nede ved fjorden. Nærleik til flott natur med skog og mark, badestrand, sentrum, idrettshall og andre funksjonar. Temaet for barnehageåret 2025/2026 er friluftsliv og matglede.
Barnehagen har 16 tilsette med høg kompetanse, og god miks i alder av tilsette. Leiinga består av styrar og assisterande styrar.
Me søker med dette etter ein fagleg og engasjert assisterande styrar i 40% stilling i eit vikariat 01.08.2026-31.07.2027.
Arbeidsoppgåver
Assisterande styrar har i samarbeid med tenesteleiar/styrar ansvaret for drift av barnehagen og er saman med tenesteleiar representant for barnehagen og for verksemda.
Som assisterande styrar har du ansvar for at barnehagen føl gjeldande lover og forskrifter, med særleg vekt på at barnehagen skal gi barna eit trygt, allsidig og godt oppvekst- og utviklingsmiljø.
Du blir ein del av barnehagen sin personal-, administrative og faglege leiing.
Assisterande styrar vil primært vere til stades på avdelinga i Skrivargarden.
Kompetanse og kvalifikasjonar- Utdanning som barnehagelærar
- Erfaring frå leiing og administrasjon i barnehage
- Erfaring frå arbeid med minoritetspråklege og fleirspråklege born
kompetanse og erfaring frå arbeid med digital praksis i barnehagen - God skriftleg og munnleg norskkunnskap
- Krav om politiattest av nyare dato
Personlege eigenskapar
- Engasjert, positiv, fleksibel og løysningsorientert
- Gode evner til både å arbeide sjølvstendig og samarbeide
- God relasjonskompetanse
- Gode evner til skriftleg og munnleg dokumentasjon
Du kan bli betre kjend med Sogndal kommune og barnehagen her:
Oppvekst og utdanning - Sogndal kommune
Nybø barnehage - Sogndal kommune
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Politiattest av ny dato må leggast fram før tilsetjing.
Søknadar må leverast innan fristen og sendast via rekrutteringssystemet vårt Easycruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
87bee823-d38e-4ff0-88ab-5352eb385de0
- Sist endret
30. mars 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3612087_211083_nn