Miljørettleiar/fagarbeidar/assistent
Luster kommune Hafslo barne- og ungdomsskule
Tangvegen 7, 6869 Hafslo
Om jobben
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 46%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. mai
Vil du vere med å forme Hafslo barne- og ungdomsskule sin SFO? Skulen vår ligg sentralt i Hafslo sentrum, nede ved Hafslovatnet, er ein 1-10 skule med rundt 220 elevar. I SFO er det 70 born, 15 tilsette og ein SFO-koordinator. Skulen sin visjon er at me står saman for ein trygg oppvekst i eit aktivt og inkluderande læringsmiljø. Me jobbar etter PALS modellen der stikkorda ansvar, omsorg og respekt er viktige verdiar. HBUS er oppteken av fysisk aktivitet og har lang tradisjon med å nytte den flotte naturen skulen og SFO har lett tilgjenge til. Me meinar at samarbeid i team gjev dei beste resultata for å skape motivasjon, trivsel og læring. Difor ynskjer me nye tilsette som brenn for det same som oss, og vil vere med på å skape ein god arbeidsplass. Alle nytilsette og nyutdanna vert godt ivareteken og får oppfølging av mentor.
«Me står saman for ein trygg oppvekst i eit aktivt og inkluderande læringsmiljø»Ledige stillingar skuleåret 2026/2027:
- 2 x 46% vikariat som miljøarbeidar/fagarbeidar/assistent på SFO. Arbeidstid måndag til torsdag 13.20-16.30. Fredag 12.00 - 16.30
- 38% vikariat som miljøarbeidar/fagarbeidar/assistent på SFO. Arbeidstid måndag til torsdag 13.20-16.00. Fredag 12.00 - 16.00
Arbeidsoppgåver:
- Vere den trygge vaksne som ser barna, er med dei, deltek i samtale og leik
- Du vil ha eit tett samarbeid med dine kollegaer om planlegging av innhald og gjennomføring av kvardagen på skule og Sfo
- Kommunikasjon med foreldre ved henting
Krav til kompetanse:
- Miljørettleiar m/høgskuleutdanning, fagarbeidar innan barne- og ungdomsarbeid, eller anna relevant utdanning
- Me legg vekt på personlege eigenskapar og relevant erfaring frå tilsvarande arbeid
- Me ser etter personar som tek initiativ, er positive og inkluderande, ser elevane og er med dei, tek ansvar og som tenkjer heilskapleg omkring elevutfordringar
- Gode samarbeidsevner, tek initiativ og ansvar, positiv og inkluderande
- Ein vaksen som er til stades for barna og er oppteken av deira behov
- Vere fleksible og skape gode relasjonar til både barn, foreldre og kollegaer
- Likar å vera ute og ha ein aktiv kvardag
- Bidra til at SFO er ein god stad å vere
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
- Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
075dbcf2-75a3-47fd-ae20-b466964dc135
- Sist endret
20. april 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3619335_219717_nn