Hopp til innhold

Klinisk ernæringsfysiolog

Arbeidsgiver

Medisinsk poliklinikk Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Om jobben

Oppstart
3. august 2026
Stillingstittel
Klinisk ernæringsfysiolog
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest i dag

Vi søkjer ein klinisk ernæringsfysiolog til ei 100 % mellombels stilling ut året. Deretter vil det være mogleg med 40 % stilling vidare fram til september 2027.

Det er eit godt fagleg samarbeid mellom dei kliniske ernæringsfysiologane i dei ulike avdelingane. Stillinga omfattar arbeid både i poliklinikk og på sengepost. 

Tilsetting snarleg etter avtale. Ved intern omrokkering kan andre stillingar verte ledig. 

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden,

Arbeidsoppgåver

  • Ernæringsbehandling av pasientar med samansatte problemstillingar
  • Samarbeid om videreutvikling av ernæringstilbodet
  • Deltaking i tverrfaglege team og kompetanseheving
  • Opplæring og rettleiing av pasientar og pårørande
  • Undervisning og rådgjeving av helsepersonell

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog
  • God munnleg og skriftleg norskkunnskap
  • Erfaring med ernæringsdokumentasjon
  • Relevant klinisk erfaring

Personlege eigenskapar

  • Du er fagleg dyktig, engasjert og kunnskapssøkande
  • Du er strukturert, effektiv og sjølvstendig
  • Du er fleksibel og løysingssorientert
  • Du har pågangsmot og gjennomføringsevne
  • Du har god pedagogisk formidlingsevne, både munnleg og skriftleg
  • Du samarbeider og kommuniserer godt med pasientar, kollegaer og andre faggrupper

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!

Kontaktinformasjon

Ann-Helen Tryggestad Arthur, Seksjonsleiar, ann-helen.tryggestad.arthur@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5150845569
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 03.08.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 22.07.2026

Kontaktperson for stillingen

Ann-Helen Tryggestad Arthur

Seksjonsleiar

ann-helen.tryggestad.arthur@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

879f88b3-a0a6-4775-8549-064ef7cfeaf2

Sist endret

8. juli 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

dfcec9dab4ae48a9bd053e743a5e4aa1

Lignende annonser

Laster lignende annonser