Hopp til innhold

HR - rådgjevar 100 % vikariat

Arbeidsgiver

Alver kommune

Sted

Kvernhusmyrane 41, 5914 Isdalstø

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
HR - rådgjevar 100 % vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Om stillinga

Ønskjer du å vere ein viktig bidragsytar for at vi kan løyse samfunnsoppdraget vårt? 

Vi har ledig eit vikariat som HR-rådgjevar i 100 % stilling med oppstart snarast og innan februar 2026 ( oppstart etter avtale) og varighet til 31.01.2027.

Vi tilbyr ein spanande stilling i eit arbeidsmiljø som er prega av høg fagleg kompetanse og god leveranse av HR-tenester i organisasjonen. Stillinga gjer deg moglegheit til å utvikle dine ferdigheiter og kompetanse innan fagområdet. Vi søker deg som har engasjement for HR og som er opptatt av gode leveransar og systematisk forbetringsarbeid. 

Det er eit godt samarbeidsklima på avdelinga, du vil oppleve stor grad av tillit i arbeidet og arbeider både sjølvstendig og i samarbeid med andre. Vi er derfor opptatt av at du kan samarbeide godt med kollegaer og leiare, dele erfaringar og kunnskap og at du jobber strukturert og effektivt med arbeidsoppgåvene.


Om HR og løn i Alver kommune

HR og lønsavdelinga i Alver kommune spelar ei nøkkelrolle i utviklinga av våre menneskelege ressursar. Vi er stolte av å vere ein sentral støttespelar for våre tilsette, og vårt mål er å gjere arbeidskvardagen enklare og betre slik at vi saman kan løyse samfunnsoppdraget vårt på best mogleg måte. 

Avdelinga består av 18 engasjerte og dyktige medarbeidarar og har kontorplass sentralt i Knarvik. Kvardagen vår er både spennande og variert, med mange ulike oppgåver og utfordringar som vi handterer samtidig. Vi tilbyr ein allsidig arbeidsplass der ingen dag er den same, og der du får moglegheit til å vere med på å forme framtida til Alver kommune.


Arbeidsoppgåver

  • Rådgjeving og støtte til leiarar i HR-relaterte spørsmål
  • Oppfølging av rekrutteringsprosessar
  • Saksbehandling innan personalområdet
  • Bidra til utvikling og implementering av HR-prosedyrar og rutinar

Kvalifikasjonskrav 

  • Utdanning på høgskule-/universitetsnivå, gjerne innan HR, personaladministrasjon eller organisasjonsutvikling
  • God kjennskap til lov - og avtaleverk knytt til arbeidslivet
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg

Dersom du har relevant erfaring frå HR-arbeid vil dette være eit føremon.


Kven er du?

Service: Du må like å yte god service og gje støtte og rådgivning til leiarar og tilsette i Alver kommune. 
Engasjert: Du viser stor interesse og entusiasme for HR-faget og er motivert til å bidra til kommunen si utvikling. 
Gode relasjonelle eigenskapar: Du er flink til å byggje og vedlikehalde gode relasjonar med kollegaer og samarbeidspartnarar.
Kunnskapsdeling: Du er oppteken av å dele din fagkunnskap og erfaring med andre, og bidreg aktivt til kompetanseheving i teamet.
Strukturert: Du har ein systematisk tilnærming til arbeidsoppgåver og evnar å halde oversikt og orden, sjølv i hektiske periodar. 
Roa under press: Du held deg roleg og arbeider effektivt sjølv når det er travelt, og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø.


Kva kan vi tilby deg?

Hos oss får du moglegheit til personleg og fagleg utvikling gjennom spennande og utfordrande arbeidsoppgåver. Vi har god pensjonsordning i KLP og tilbyr konkurransedyktig løn etter avtale. Hos oss er vi opptatt av at det skal vere ein god balanse mellom arbeid og fritid, og veit at mange ønskjer seg ein fleksibel kvardag. Det kan vi leggje til rette for! 

Lurar du på korleis det er å arbeide hos oss? Vil ønskjer å tilby ein omvendt referansesjekk for kandidatar som er aktuelle for stillinga. Du vil få moglegheit til å stille spørsmål for å vurdere om vi er den rette plassen for deg. 

Kontaktinfo referanse : 

HR Rådgjevar - Ingrid Gunnarson Thunes tlf: 40545745 

HR Rådgjevar - Lillian Midtøy tlf: 45374846

Ta gjerne kontakt med leiar Hilde Grøteide Emblem på telefon 97 66 12 05 om du har spørsmål.

 


Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Om bedriften

Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar! 

Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare. 

Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv. 

Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.  

Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

862c514a-15e0-432c-8d75-b4ce442415d5

Sist endret

1. desember 2025

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10270255

Lignende annonser