Vernepleiar 100% fast
Alver kommune
Kvernhusmyrane 25, 5914 Isdalstø
Om jobben
- Stillingstittel
- Vernepleiar - 100% langvakter - Frekhaug sone 1
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 23. mars
Om stillinga
Frekhaug sone 1 ved avdeling Tunet søkjer engasjert vernepleiar i 100% fast turnus med langvakter og arbeid kvar 4.helg. Hos oss blir du ein viktig del av eit fagmiljø som jobbar tett saman og heiar kvarandre fram.
Her får du bruke heile verktøykassa di – frå relasjonskompetanse og faglege vurderingar til miljøterapeutisk arbeid og helsehjelp. Hos oss kan du bidra til å skape gode kvardagar med meistring, utvikling og gode opplevingar!
Om Frekhaug sone 1
Eininga Frekhaug sone 1 gjev tenester i heimen til tenestemottakarane, med hovudvekt på vernepleiarfagleg arbeid i form av rettleiing, råd og hjelp, samt helsehjelp til personar med nedsett funksjonsevne, utviklingshemming, autismespekterlidingar og ulike tilleggsutfordringar.
Hos oss er det personen – ikkje diagnosen – som står i fokus. Vi skal skape og tilpassa tenester som gjev meistring og gode kvardagar, saman med eit sterkt og engasjert tverrfagleg miljø. Ambisjonen vår er å bli best på tenesteyting til målgruppa vår!
Tunet er eit nytt og spanande bustadtilbod lokalt på Frekhaug med tett samarbeid med Miljøarbeidertensta som leverer ambulerande tenesester. Delar av arbeidsdagen vil vere lagt hit.
Arbeidsoppgåver
- Primærkontaktansvar med tett, systematisk og langsiktig oppfølging av tenestemottakarar – inkludert ansvar for å koordinere tenester, evaluere tiltak og sikre heilskap i oppfølginga.
- Faglege vurderingar og miljøterapeutisk arbeid, der du aktivt nyttar vernepleiarkompetansen din i planlegging, observasjon og gjennomføring av tiltak
- Følge opp tenestemottakarane si deltaking i fritidsaktivitetar og sørgje for at dette skjer i trygge og føreseielege rammer
- Utarbeiding, implementering og evaluering av mål, planar og tiltak, de vi i samarbeid sikrer at desse vert forankra i faglege retningslinjer og behov
- Legemiddelhandtering
- Rettleiing av kollegaer, nye tilsette og studentar, og eit særleg ansvar for å bidra inn i utviklinga av fagmiljøet
- Dokumentasjon der du sikrar kvalitet, faglegheit og etterleving av gjeldande lover og retningslinjer
- Bidrag til fagutvikling, kvalitetsarbeid og interne prosessar, inkludert aktiv deltaking i møte, fagdrøftingar og utvikling av tenestene over tid.
- Tverrfagleg samarbeid med spesialisthelsetenesta, NAV, skule, dagtilbod og andre eksterne aktørar
Kompetanse
- Offentleg godkjend vernepleiar vert prioritert. Sjukepleiarar er og velkomne til å søkje
- Erfaring frå tenesteyting til personar med nedsett funksjonsevne
- Førarkort klasse B
- God norsk skriftleg og munnleg formidlingsevne
Kven søkjer vi?
Du er ein engasjert fagperson som står støtt i utøvinga av faget ditt, og du møter både tenestemottakarar, pårørande, kollegaer og samarbeidspartar med respekt og tryggleik. Relasjonar er ein av styrkane dine, og du skapar tillit gjennom måten du kommuniserer og samarbeider på. Samstundes er du systematisk og strukturert, og du handterer fleire arbeidsoppgåver parallelt utan å miste oversikta.
Du arbeider sjølvstendig, men ser alltid verdien av å bidra positivt inn i arbeidsmiljøet rundt deg. Du er ein som leitar etter moglegheiter, finn løysingar og held fokus på det som fungerer. I tillegg har du gode digitale ferdigheiter og tek i bruk nødvendige digitale verktøy på ein trygg og effektiv måte.
Vi tilbyr
- Ein variert og spennande arbeidskvardag der du får nytte vernepleiaren i deg!
- Tilsetjing i kapittel 4 med garantiløn 522 600 - 614 400, avhengig av ansiennitet
- Særavtale for vernepleiarar, med 9000 kr over tariff og 10 000 for sjukepleiarar
- Årsturnus med moglegheit til å påverkje eigen turnus
- Hovudvekt av langvakter som gjev god balanse mellom jobb og fritid
- God pensjonsordning i KLP
- Gratis parkering
- Rom og tid for faglig arbeid og personleg utvikling
- Grundig opplæring med tett oppfølging
- Ein ny og spennande avdeling som stadig er i vekst, der du kan vere med å forme utviklinga vidare
- Eit humørfylt og inkluderande arbeidsmiljø, med kollegaer som tar deg godt i mot og heiar deg fram
Vi er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet.
Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling.
I Habiliteringstenesta arbeider vi med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Vi er Alver
Vi får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommunePolitiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Habiliteringstenester i Alver kommune gir tenester til personar med nedsett funksjonevne/
utviklingshemming.
Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter,
og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
070e61b8-eadc-45b5-8433-3a65cf698982
- Sist endret
12. mars 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10286604
Lignende annonser
Vernepleiar/Miljøterapeut - 100% stilling
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Isdalstø
Vernepleier 100%
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Isdalstø
Helsefagarbeider 80%
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Isdalstø