Hopp til innhold

Sjukepleiar - 100 % - Såta bu- og servicesenter

Arbeidsgiver

Alver kommune

Sted

Kvassnesvegen 40, 5914 Isdalstø

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar - 100 % Såta bu- og servicesenter (kopi
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 27. april

Sjukepleiar 100% - Såta bu- og servicesenter 

Er du ein engasjert sjukepleiar som søkjar spennande moglegheiter i ei avdeling som snart skal åpne? Vi har ledig 100% sjukepleiarstilling i vår avdeling.  Det er todelt turnus med arbeid i snitt kvar 3 helg eller med moglegheit for kvar 4 helg med langvakter om ønskjeleg. Vi har årsturnus.

Hos oss skal det også jobbe helsefagarbeidarar og pleieassistentar.

Pasientane på Såta bu- og servicesenter har ulike behov for oppfølgning.


Om Såta bu- og servicesenter

I september 2026 skal Såta bu- og servicesenter utvida, og me utvidar med 13 somatiske plassar. Denne avdelinga er ein del av dei fire sjukeheimane vi har i Alver kommune, og den ligg vakkert plassert i sentrum av Knarvik. 

Målet vårt er å skape eit trygt og omsorgsfullt miljø der bebuarane kan få den støtta og omsorga dei treng. 


Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for heilskapleg sjukepleie til pasientar
  • Observasjon, vurdering og oppfølging av helsetilstanden til pasientane
  • Utføring og oppfølging av til dømes:
    • legemiddelhandsaming
    • ADL
    • sårstell
    • ernæring og væskebehandling
    • lindrande behandling
  • Iverksetjing og evaluering av sjukepleietiltak
  • Veileding av kollegaer og studentar
  • Samarbeid med pårøyrande
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Vere ein aktiv pådrivar for at pasientane får brukt sine eigne ressursar 

Kompetansekrav

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2 - test

Kven er du?

Me søkjer sjukepleiare som møter utfordringar i arbeidet med engasjement, handlekraft og som er fagleg trygg. Du er nysgjerrig på faget, ønskjer å læra noko nytt kvar dag og trivst med å arbeida med pasientar med ulike helseutfordringar. Du får lett oversikt over arbeidsoppgåvene, og klarer å sjå heilhetsbilde og prioritera i ein travel kvardag. Me ser etter ein sjukepleiar som i tillegg til å vera tydeleg klarer å sjå kvar enkelt pasient, pårørande og kollega. Du er positiv, ein bidragsytar i arbeidsmiljøet, fleksibel og jobbar godt i team. Du har gode tekniske ferdigheter, er løysingsfokusert og endringsvillig. 


Vi tilbyr

  • Fagleg spennande arbeid i nyoppstarta avdeling 
  • Årsturnus
  • Sjukepleiare i Alver kommune ligg 10 000 over minstelønnsgarantien til KS

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.


Vi er Alver

Bli kjent med Alver kommune

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Kontaktperson for stillingen

Karina Olsvold

Einingsleiar Såta bu- og servicesenter

+4748499925

karina.olsvold@alver.kommune.no

Om bedriften

Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 4 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har totalt 175 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.

I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken organisert i sjukeheimstenesta. 

Sjukeheimstenesta har også tilsett eigne sjukeheimslegar.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7aea361c-b0fe-4360-9a0a-0c1bc787dba6

Sist endret

14. april 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10291107

Lignende annonser

Laster lignende annonser