Fagleiar offentlege innkjøp
Kultur og samfunn, Stad kommune
Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid
Om jobben
- Stillingstittel
- Fagleiar offentlege innkjøp
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 17. juni
Innkjøp er eit strategisk viktig område for Stad kommune og skal vere med på å sikre at vi når måla våre. Stad kommune ønskjer å styrke arbeidet med offentlege innkjøp, og har ledig 100 % stilling som fagleiar for offentlege innkjøp.
Stad kommune kjøper varer og tenester til kommunal eigenproduksjon i drift for om lag 115 mill kroner i året, noko som utgjer om lag 15 % av det årlege driftsbudsjettet.
I tillegg kjøper kommunen varer og tenester for om lag 50 mill kroner per år over investeringsbudsjettet. Våre viktigaste innkjøp er bygg- og anleggskontraktar, konsulenttenester og varekjøp. Vi har eit stort omfang av rammeavtaler som er viktige for å levere gode tenester.
Vi søkjer deg som har god erfaring med offentlege innkjøp og som ønskjer å medverke til at Stad kommune når sine mål. Du vil gje råd i offentlege innkjøp, gjennomføre innkjøpsprosessar, kontraktsforhandling og følge opp kontraktar.
I denne stillinga blir du ein del av eit fagleg team som arbeider med større prosjekt. Du blir også ein del av eit hyggjeleg arbeidsmiljø som jobbar for å finne dei beste løysingane saman.
Dersom du delar ambisjonane våre og ser at dette er ei stilling som passar godt til kompetansen din så vil vi gjerne høyre frå deg.
Om du har spørsmål til stillinga, ta kontakt med prosjektkoordinator Merete Nerland tlf. 97 99 04 40 eller kommunalsjef Astrid Fossheim Paulsen tlf. 48 11 68 06.
Stillinga er plassert i kommunalområde for Kultur og samfunn og har kontorstad på Nordfjordeid. Om ønskjeleg kan ein delvis få kontorstad i Selje.
Arbeidsoppgåver
- Ha eit overordna ansvar for å planlegge og gjennomføre anskaffingar/innkjøp for organisasjonen i tråd med lov om offentlege anskaffingar
- Ansvar for å utarbeide og følge opp Stad kommune sin innkjøpsstrategi
- Saman med økonomi utarbeide system for internkontroll i høve anskaffingar
- Utarbeide og sikre gode rutinar, standardar og beste praksis innan innkjøp
- Forvalte kommunen sine rammeavtalar
- Følgje opp leverandørar og kontrakter og delta i forhandlingar
- Rettleie, støtte og bistå prosjektleiarar og andre fagmiljø i innkjøpsprosessar
- Bidra i interkommunalt samarbeid om offentlege anskaffingar og vere kontaktperson mot nabokommunar når det gjeld felles innkjøpsavtalar
Kvalifikasjonar
- Høgare relevant utdanning på bachelor- eller masternivå
- Kunnskap om og erfaringar med lov om offentlege anskaffingar
- Det er ønskjeleg med erfaring frå ulike entrepriseformer
- Erfaring med drift og prosjektleiing frå bygg og anleggsbransjen vert vurdert som relevant for stillinga.
- Kunnskap om avtaleforvaltning, ønskeleg med kjennskap til utbyggingsavtaler
- Kjennskap til offentleg forvaltning generelt
- Gode datakunnskapar, lett kunne ta i bruk nye dataverktøy
- Gode kunnskapar i norsk, skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Som fagleiar for innkjøp må du vere pådrivar i prosessar.
- Du må vere målretta, analytisk og arbeide strukturert.
- Du må vere glad i å samarbeide med andre, finne løysingar og sjå dei bli gjennomført i praksis
- Du må kunne formidle fagfeltet på ein god måte i rettleiing av andre
- Arbeide sjølvstendig og systematisk, men samtidig vere fleksibel.
- Kunne presentere komplekse problemstillingar på ein enkel og forståeleg måte
Vi tilbyr
- Ein spennande og samfunnsnyttig jobb med stor påverknad
- Fleksibel arbeidstid og gode pensjons- og forsikringsordningar
- Moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving
- Ei viktig og utviklande rolle i kommunen
- Varierte arbeidsoppgåver og stort handlingsrom
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Busette i Stad kommune kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt
Vi ber om at arbeidsattestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Stad kommune har seks månader prøvetid.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Kontaktinformasjon
Astrid Fossheim Paulsen, kommunalsjef kultur og samfunn, +47 48116806, astrid.paulsen@stad.kommune.noMerete Nerland, Prosjektkoordinator, 97990440, merete.nerland@stad.kommune.no
Arbeidsstad
Rådhusvegen 116770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 5132358986
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.06.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
862bd9f4-47a6-425b-9c05-5b97bee8f65b
- Sist endret
27. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ec1fc0843de04b909d8d11029f507598