Einingsleiar Miljø- og velferdstenester - 100% fast stilling
Stryn Kommune
Tonningsgata 4, 6783 Stryn
Om jobben
- Stillingstittel
- Einingsleiar Miljø- og velferdstenester - 100% fast stilling
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. juli
Stryn kommune søkjer ein nysgjerrig, motiverande og samlande leiar som vil vere med på spennande utviklingsarbeid i Miljø og velferd dei næraste åra.
Som einingsleiar i Miljø og velferd vil du ha ei sentral rolle i å vidareutvikle tenestene gjennom nye arbeidsmåtar, god fagutvikling og målretta endringsarbeid. Det vil vere stadig fleire innbyggjarar som har behov for kommunale tenester, noko som gjer at nytenking, omstilling og berekraftige løysingar står sentralt i stillinga. Samstundes er det viktig å ta vare på det som fungerer godt i dag.
Om eininga
Miljø- og velferdstenester består i dag av:
- Teneste for rus og psykisk helse
- Teneste for menneske med funksjonsnedsetting
- Avlastningsbustad for barn
- Arbeidssenter
- Koordinerande eining
Tenestene arbeider tett saman for å leggje til rette for meistring, deltaking og god livskvalitet for brukarane.
Som einingsleiar vil du ha overordna personal- og budsjettansvar, samt hovudansvar for drift, beredskapsarbeid og internkontroll i eininga. Du har òg det overordna faglege ansvaret for tenestene.
Du vil vere ein del av kommunalsjef for Helse og sosial si leiargruppe og bidra aktivt i tverrfagleg samarbeid og utviklingsarbeid i kommunen.
Arbeidsoppgåver
Som einingsleiar har du ansvar for:
- Personalleiing, arbeidsmiljø og kompetanseutvikling
- Budsjett- og økonomistyring
- Drift, internkontroll og beredskapsarbeid
- Dagleg og organisatorisk utvikling av tenestene
- At tenestene er i samsvar med gjeldande lovverk og etiske retningslinjer
- God samhandling med brukarar, pårørande, andre einingar, samarbeidspartnarar og frivillige
Kvalifikasjonar
Relevant utdanning på høgskule- og/eller universitetsnivå, gjerne innan helse- og sosialfag
Leiarutdanning og/eller leiarerfaring vil bli vektlagt
- Forståing og interesse for medarbeidardrivne endringsprosessar
- Kjennskap til relevant lov- og avtaleverk
- God forståing for økonomi- og budsjettarbeid
- Interesse for fagutvikling, kvalitet og tverrfagleg samarbeid
Personlege eigenskapar
Vi legg vekt på at du:
- Er ein tydeleg, inkluderande og motiverande leiar
- Har evne til å samle og engasjere medarbeidarane
- Er trygg i endringsleiing og utviklingsarbeid
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Er opptatt av kvalitet, etikk og brukarorienterte tenester
Vi tilbyr
- Ei spanande leiarstilling med stor påverknad og utviklingsmoglegheiter
- Deltaking i strategisk utviklings- og planarbeid i kommunen
- Eit godt arbeidsmiljø med kompetente og engasjerte kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Alexander Rande, Kommunalsjef, 97040762Åshild Heggdal, Einingsleiar miljø- og velferdstenester, 93446790
Arbeidsstad
Tonningsgata 46783 Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn KommuneReferansenr.: 5147609344
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.07.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Åshild Heggdal
Einingsleiar miljø- og velferdstenester
93446790
Alexander Rande
Kommunalsjef
97040762
Om bedriften
Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.
Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane.
Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
21de89e9-7e21-46b1-bac6-86eedbaa95d9
- Sist endret
18. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
db6e372321c940a6aba38211add8d12c