Hopp til innhold

Dagleg leiar i ØkoRåd Fjord AS -- bli med på reisa vår vidare framover!

Arbeidsgiver

ØKORÅD FJORD AS

Sted

Sjøgata 4, 6770 Nordfjordeid

Om jobben

Stillingstittel
Dagleg leiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest lørdag 15. august

ØkoRåd Fjord AS er eit spennande miljø som driv med rekneskap, rådgjeving og utvikling for kundane våre.

Vi har eit sterkt og positivt fagmiljø med rundt 30 dyktige medarbeidarar, og har kontor i Valldal, Ulsteinvik, Grodås, Stryn, Nordfjordeid og Sandane.

Vi har vore i sterk vekst og omstilling i seinare tid. Vi ventar at dette både vil halde fram og auke. For å vere med på å leie denne utviklinga, med dei moglegheitene og omstillingane dette ber med seg, ønskjer vi ein driftig og engasjert leiar som ønskjer å ta styringa over eit framtidsretta rådgjevings- og rekneskapskontor.

Dette er stillinga for deg som får folk med deg, ser moglegheiter, liker utfordringar og det å skape utvikling i lag med medarbeidarar, kundar og partnarar -- og vere i front i utviklinga til bransjen.

Oppdraget ditt er å:
  • Skape framleis god drift i ein organisasjon og bransje i rask endring

  • Lyfte blikket og setje ei tydeleg retning for vidare utvikling

  • Følgje med på teknologiske trendar innan bransjen og sjå kva moglegheiter det kan gje

  • Drive utvikling og identifisere kvar digitalisering kan nyttast -- til det beste for selskapet og kundane

  • Bidra til å byggje ein kultur der folk trivst, presterer og ønskjer å utvikle seg

  • Vere tett på folk, kundar og samarbeidspartnarar, og gjennomføre avgjerder

  • Sjå menneska og halde fram med arbeidet med å byggje ein god kultur og struktur

Kven er du?

Vi ser etter deg som:

  • Har leiarerfaring og har stått i utviklings- og omstillingsprosjekt før

  • Gjerne har erfaring frå rekneskaps- eller rådgjevingsbransjen

  • Evnar å kombinere menneskeforståing og gjennomføring

  • Er trygg nok til å vere tydeleg, og klok nok til å lytte

  • Har god innsikt i økonomi, marknad og leiing av kompetanseverksemder

Det viktigaste: Du får ting til å skje og ser menneska.

Du får reell påverknadskraft -- du kjem inn i eit selskap med eit solid fagmiljø og potensial for utvikling.

Du får jobbe med eit konkret og spennande oppdrag: å gripe moglegheiter og gjere organisasjonen endå meir framtidsretta.

Rammer:
  • Personalansvar for ca. 30 medarbeidarar

  • Arbeidsstad Nordfjord/Sunnmøre

  • Tett samarbeid med styret

  • Lønn etter avtale og kvalifikasjonar.

  • Vi har gode pensjonsordningar.

  • Det er ønskjeleg med snarleg tiltreding, men oppstart blir etter nærare avtale.

Søknad og CV sendest til linda.gjerde.myren@okoraad.no innan søknadsfristen: 15.08.2026.

Spørsmål om stillinga kan rettast til Linda Gjerde Myren på telefon 48142530 eller e-post linda.gjerde.myren@okoraad.no.

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Om bedriften

ØkoRåd Fjord AS er eit spennande miljø som driv med rekneskap, rådgjeving og utvikling for kundane våre.

Vi har eit sterkt og positivt fagmiljø med rundt 30 dyktige medarbeidarar, og har kontor i Valldal, Ulsteinvik, Grodås, Stryn, Nordfjordeid og Sandane.

Vi har vore i sterk vekst og omstilling i seinare tid. Vi ventar at dette både vil halde fram og auke.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6b5a331e-f92e-4dd7-b443-ca1175f0c40b

Sist endret

25. juni 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

467864693

Lignende annonser

Laster lignende annonser