Hopp til innhold

Rettleiar

Arbeidsgiver

NAV Nordfjord, Stad kommune

Sted

Rådhusvegen 8, 6770 Nordfjordeid

Om jobben

Stillingstittel
Rettleiar i NAV Nordfjord
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Arbeidstid
Dagtid
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 28. juni

Vil du vere med og gjere ein forskjell?

Er du god til å sjå ressursane i folk og hjelpe dei vidare i livet? Då kan du vere den vi ser etter! NAV Nordfjord søkjer ein engasjert rettleiar i 50 % fast stilling til avdelinga arbeid og sosial.

Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der du møter nye utfordringar med eit positivt og løysingsorientert team rundt deg. Du blir ein viktig del av eit fagmiljø som jobbar for å skape moglegheiter for menneske – kvar einaste dag.


Arbeidsoppgåver

  • Vere mottaksvert tre dagar i veka (to timar per dag) – du blir den første folk møter når dei kjem til NAV
  • Rettleie og motivere brukarar om arbeid
  • Kartlegge ressursar og moglegheiter hos brukar
  • Samarbeide tett med arbeidsgjevarar og andre for å finne gode løysingar
  • Saksbehandling etter Lov om sosiale tenester

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant erfaring kan vege opp for manglande utdanning.
  • Gode evner til å kommunisere både munnleg og skriftleg
  • Trygg på digitale verktøy og nysgjerrig på ny teknologi

Det er ein fordel om du har:

  • Erfaring med å rettleie menneske i krevjande livssituasjonar
  • Kjennskap til Nav sitt samfunnsoppdrag
  • Kjennskap til arbeidsmarknaden og næringslivet i regionen

Personlege eigenskapar

  • Du bryr deg om folk og vil hjelpe
  • Du har engasjement og evne til å motivere andre
  • Du trivst med å jobbe både sjølvstendig og saman med andre

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull jobb i eit godt og støttande arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Fleksibel arbeidstid med moglegheit for heimekontor og trening i arbeidstida
  • Løn etter gjeldande kommunalt avtaleverk etter ansiennitet. Lønnsspennet er per no kr. 545 400 - 639 900 i stilling med krav om 3-årig U/H utdanning.
  • God pensjonsordning gjennom KLP
  • Stad kommune har seks månader prøvetid
  • Busette i Stad kommune kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Kontaktinformasjon

Bodil Førde, Einingsleiar arbeid og velferd (NAV), 90 58 69 13, Bodil.Forde@nav.no

Arbeidsstad

Rådhusvegen 8
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5145350392
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 28.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Bodil Førde

Einingsleiar arbeid og velferd (NAV)

90 58 69 13

Bodil.Forde@nav.no

Om bedriften

Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

www.nordfjord.no/stad

www.hjartestad.no

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

80a1e623-a4c5-419d-944a-af40315c029a

Sist endret

12. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

4a0438f3f8b743d0aa8cfefdc7cf4500

Lignende annonser

Laster lignende annonser