Hopp til innhold

Personleg assistent ved BPA

Arbeidsgiver

 Time kommune

Sted

Arne Garborgsveg 30, 4340 Bryne

Om jobben

Stillingstittel
Personleg assistent ved BPA
Type ansettelse
Vikariat, deltid 0%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 11. august

Er du på jakt etter ein jobb der du kan kombinera det å spreia omsorg og glede saman med brukar? Kom og jobb med oss, då vel! 

BPA står for brukerstyrt personleg assistent, i Time kommune arbeidar me aktivt for å gje brukarane best mogleg livskvalitet og ein tilrettelagt kvardag. Som brukarstyrt personleg assistent jobber du tett på i heimen til den du skal hjelpa. Enten er brukar sjølv arbeidsleiar i si ordning, eller ein som er i nær relasjon til brukar. 

BPA høyrer inn under Miljøtenesta i Time kommune. Me har ulike brukarar av tenesta med ulike behov. Fra tid til annen skal dei faste ansatte ta ut fri, og det er da behov for gode vikarar som kan trø til. 


Kvar enkelt BPA ordning har individuelle behov, og med ulike arbeidstider. Det er behov både dag, kveld, natt i vekedagar og helg.
For tida har me 6 ulike BPA ordningar i kommunen - 2 av av BPA`ene er skule BPA, der  følger ein blant anna bruker til skulen. 

Ta kontakt ved fleire spørsmål. Leiar i BPA vil ta kontakt med deg dersom det er aktuelt å setta opp intervju. Me ansetter fortløpande.

Dette er ikkje ei vanleg stillingsutlysning, og du vil kun få ein bekreftelse på at me har mottatt søknaden din. Det vil ikkje bli sendt avslag.  

Arbeidsoppgåver

Hjelp ifbm personleg hygiene, timeavtaler, skole, fritidsaktiviteter o.l. 
Hjelp ifbm medisin, handling av daglegvarer, bistå i reingjering i heimen. 
Legge til rette for ein god kvardag for brukar. 

Kvalifikasjonar

Det er ingen krav til utdanning som brukarstyrt personleg assistent. Nødvendig opplæring vil bli gitt. 
Personleg eigenskapar vil bli vektlagt, arbeidsleiar er med på tilsettingsprosessen.

 

Det er krav om førarkort klasse B  i nokre av BPA`ene

 

Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
  • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
  • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
  • Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
  • Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
  • Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen

 

Vi tilbyr

  • Gode pensjonsordningar 
  • Løn etter tariff/avtale
  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø

 

 Det er lovkrav om politiattest som må  registreres før første arbeidsdag tar til.

 

Kontaktinformasjon

Tove Merete Vorland, Avdelingsleiar, tove.merete.vorland@time.kommune.no
Anita Ås, Avdelingsleiar, anita.as@time.kommune.no

Arbeidsstad

Arne Garborgsveg 30
4340 Bryne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 5079021930
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 31.12.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Anita Ås

Avdelingsleiar

anita.as@time.kommune.no

Tove Merete Vorland

Avdelingsleiar

tove.merete.vorland@time.kommune.no

Om bedriften

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

85d39d68-c24b-49fc-a5c9-45f0494e9122

Sist endret

11. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

45e7265edcfe47c7b827f84015357068

Lignende annonser