Hopp til innhold

Kulturskulelærar visuell kunst

Arbeidsgiver

Kultur og fritid, Stranda kommune

Sted

Allmenningen, 6200 Stranda

Om jobben

Oppstart
10. august 2026
Stillingstittel
Kulturskulelærar visuell kunst
Type ansettelse
Fast, deltid 8%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 14. juni

Stranda kulturskule søkjer ein kreativ og engasjert lærar i visuell kunst i ei 8 % fast stilling frå 10.08.2026. Vi ser etter deg som kan skape eit trygt og spennande læringsmiljø der elevane får utforske ulike teknikkar, materialar og uttrykksformer.

Arbeidsstad og oppmøtestad er kulturskulen sine lokale i Stranda sentrum.


Aktuelle søkjarar kan/ vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Vitnemål og attestar skal scannast inn som vedlegg til søknaden. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.


Arbeidsoppgåver

·
  • Undervisning i bildekunst/visuelle kunstfag for elevar i grunnskulealder.
  • Planlegging og gjennomføring av undervisning i tråd med rammeplanen for kulturskulen.
  • Bidra til utstillingar og tverrfaglege prosjekt i regi av kulturskulen.
  • Samarbeid med kollegaer, føresette og andre aktørar i lokalmiljøet

    Kvalifikasjonar

    • Relevant høgare utdanning innan visuell kunst (biletkunst, design, kunst og handverk). Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
    • Pedagogisk kompetanse (PPU eller tilsvarande) er ønskjeleg
    • Erfaring med undervisning av barn og unge
    • Gode kommunikasjonsevner på norsk.
    • Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing

    Personlege eigenskapar

    • Du er ein tydeleg og inspirerande formidlar.
    • Du er sjølvstendig, strukturert og har gode samarbeidsevner.
    •  Du har evna til å sjå den enkelte eleven og tilpasse undervisninga etter meistringsnivå.
    •  Du er utviklingsorientert og ønskjer å bidra til eit levande kulturskulemiljø.

    Vi tilbyr

    • Ein kreativ arbeidsplass med engasjerte kollegaer
    • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk.

     


    Kontaktinformasjon

    Evgenii Zhukov, Konst. fagleiar kultur

    Arbeidsstad

    Allmenningen
    6200 Stranda

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Stranda kommune

    Referansenr.: 5133138674
    Stillingsprosent: 8%
    Fast
    Startdato: 10.08.2026
    Søknadsfrist: 14.06.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Evgenii Zhukov

    Konst. fagleiar kultur

    Om bedriften

    Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og  treningssenter.

    Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass. 

    Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt
    .

    I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.   

    Offentleg tenestepensjon for nytilsette

    Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    858595ed-fe19-4cb2-8bb8-9c9da028d2fe

    Sist endret

    27. mai 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    7d4798ade86b4e93ae23f6a5d4f1a029

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser