Hopp til innhold

Barnehagelærer 100 % fast stilling Årøyhaugen barnehage

Arbeidsgiver

Ålesund kommune, Barnehagar Ålesund indre og nordre

Sted

Vallemyrane 3, 6260 Skodje

Om jobben

Stillingstittel
Barnehagelærer 100% fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 3. juli

Årøyhaugen barnehage har ledig 100 % fast stilling for barnehagelærar frå august 2026. 

Årøyhaugen barnehage ligg på Sjøholt i Ålesund kommune. Med allsidig natur på alle kanter og nærhet til skule, bibliotek og idrettshall.  Årøyhaugen er organisert i felles verksemd med fem andre barnehager.


Arbeidsoppgåver

  • Barnehagelærar har medansvar for å iverksette og lede det pedagogiske arbeidet på si avdeling i tråd med aktuelt lovverk.
  • Barnehagelærar har medansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av det pedagogiske arbeidet i si barnegruppe eller innafor dei områda ein blir sett til

Kvalifikasjonar

  • For stilling som barnehagelærar er det krav om utdanning som barnehagelærar/førskulelærar eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. For å bli fast eller midlertidig tilsett som  barnehagelærar, må personar med utanlandske yrkeskvalifikasjonar kunne dokumentere sine norskferdigheiter (jf. barnehageloven § 28). Søkjar skal legge resultat av språktest saman med søknad og CV
  • God IT-kunnskap og forståing.
  • Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
  • På grunn av samansetning i personalgruppa vert menn oppfordra til å søke.
  • Ved tilsetting må det leggast fram politiattest av ny dato.

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som

  • Har solid kunnskap om barns utvikling og behov
  • Er opptatt av barns rett til medverknad og involvering 
  • Evner å bidra positivt i ein levande og lærande organisasjon
  • Har gode samarbeidsevner og kommunikasjonsferdigheiter
  • Trivest i ein aktiv kvardag med barn.
  • Er ein lagspelar.
  • Er tydeleg, klok og omsorgsfull i relasjon til andre.
  • Er positiv, initiativrik, engasjert, fleksibel og løysingsorientert.
  • Kan arbeide etter Ålesund kommune sine kjerneverdiar: Open, Engasjert og Modig.
  • Personlige egenskaper vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Eit utviklingsorientert og fagleg stimulerande miljø
  • Løn etter gjeldande tariff
  • God pensjonsordning

Kontaktinformasjon

Janne Aamelfot, Verksemdsleiar, +47 958 75 569

Arbeidsstad

Vallemyrane 3
6260 Skodje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune

Referansenr.: 5145097998
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.07.2026

Kontaktperson for stillingen

Janne Aamelfot

Verksemdsleiar

+47 958 75 569

Om bedriften

Ålesund kommune er den største kommunen i Møre og Romsdal og den største byen mellom Bergen og Trondheim med ca. 60 000 innbyggere 

Det lokale næringslivet er både lokalt, nasjonalt og ikkje minst internasjonalt orientert. Ålesund er «bygd» på fiske og fangst. Framleis er Ålesundregionen er verdsleiande på det marine og maritime området. Fleire av landets største fiskebedrifter og oppdrettsselskap held til i kommunen vår. Ålesund har Noregs største cruisehamn, største fiskerihamn og nest største containerhamn. Vi er og Noregs største eksporthamn på fiskeriprodukter. 

Kommunen er det største kollektivknutepunktet i fylket, og tal frå 2016 viser at det årleg er rundt to millionar passasjerer som går av eller på ein buss eller båt i Ålesund.  
Ålesund by er viden kjend for sin vakre jugendstil. Tårn, spir og vakre utsmykkingar møter deg som går gatelangs der.
Byen ligg som ein døropnar til fjordsystemet på Sunnmøre og strekk seg heilt nord til Ona utanfor Romsdalskysten. Andre attraksjonar i kommunen er Ona fyr og fantastiske fjell, fjordar og natur rett utanfor stovedøra. 
Vi er ein universitetskommune og har eit nært samarbeid med NTNU på Campus Ålesund. På Campus Ålesund finn du òg Ålesund framtidslab - U4SSC ip.  

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

dff01c93-3321-4c04-bd80-db7db2ca8cea

Sist endret

19. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

ad5ba17a5c76406286b8dbe70f296cef

Lignende annonser

Laster lignende annonser