Hopp til innhold

Kommune/arealplanleggjar

Arbeidsgiver

Luster kommune Forvaltning og utvikling

Sted

Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. mars

Stillingsinformasjon

Luster kommune har ledig 100% fast stilling som kommune/arealplanleggjar ved planavdelinga, med arbeidsstad på rådhuset i Gaupne. Avdelinga har ansvar for planarbeid/planhandsaming, byggesakshandsaming, oppmåling og kartforvaltning. Kommunen har eit godt arbeidsmiljø og kan tilby utfordrande og interessante arbeidsoppgåver. Ved eininga er det i dag 8 tilsette med god og variert kompetanse innan dei ulike fagområda. Frå 2027 vert Luster vertskommune for eit interkommunalt vertskommunesamarbeid innan oppmåling, kart og GIS i Sogn -  noko som kan påverke organiseringa.

Arbeidsoppgåver

Stillinga er ein av tre planstillingar i kommunen. Til stillinga ligg hovudansvaret for å gjennomføre overordna planoppgåver som kommuneplanen sin arealdel og samfunnsdel, men og oppgåver knytt til utarbeiding av reguleringsplanar og anna planarbeid. I dette ligg og handsaming av private reguleringsplanar og publikumsrettleiing knytt til plansaker. Det er ønskjeleg med kompetanse og erfaring innan bruk av digitale kartverktøy/GIS. Luster kommune brukar Gisline som planverktøy.

Kvalifikasjonar
  • Høgare utdanning med fokus på areal- og/eller samfunnsplanlegging. Erfaring er ønskjeleg.
  • Me søkjer etter ein medarbeidar med allsidig kompetanse som kan bidra med god fagleg kvalitet i offentleg forvaltning. Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg, er ein føresetnad. Luster kommune har nynorsk som administrasjonsmål.
  • Ved vurdering av søkjarar vil det bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar som t.d. gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, men og i team.
  • Søkjar bør ha førarkort kl. B.
Me legg vekt på
  • Gode kommunikasjonsevner.
  • Gode samarbeidsevner og evner til å arbeide sjølvstendig.
  • Relevant erfaring.
Me kan tilby
  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår.
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse.
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling.
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar
  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Ole Gunnar Krakhellen

+47 92648081

ole.gunnar.krakhellen@luster.kommune.no

Om bedriften

Luster kommune ligg inst i Sognefjorden, har omlag 5.300 innbyggjarar og er ein av dei største kommunane i Sør-Noreg. Me har tre nasjonalparkar, verdsarven Urnes stavkyrkje, vakker natur og svært gode vilkår for friluftsliv. Næringslivet er variert - frå tradisjonelt landbruk til moderne industriverksemder og stadig meir varierte servicebedrifter. Luster har godt utbygde desentraliserte tilbod og mange levande bygder. Kommunesenteret Gaupne ligg 25 minutt frå region- og utdanningssenteret Sogndal. Kommunen har gode tenester, styrings- og kvalitetssystem. Meir informasjon finn du på: www.luster.kommune.no Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/f8915265-a527-4dd3-a2c7-d0ef4f693575

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8384aea8-e4ce-4b31-a44f-74ba8c6a4ac2

Sist endret

23. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3598809_223057_nn

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Luster kommune Luster ungdomsskule

Sted

Gaupne

Arbeidsgiver

Luster kommune Luster oppvekstsenter

Sted

Luster