Hopp til innhold

Prosjektleiarar til kommunale bygg- og infrastrukturprosjekt

Arbeidsgiver

Sogndal kommune Plan og teknisk

Sted

Riverdalen 5, 6856 Sogndal

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 7. april

Vil du vere med og utvikle Sogndal kommune gjennom gode prosjekt innan bygg, veg/anlegg og vatn/avløp? 

I Sogndal kommune jobbar det over 1200 tilsette som går på jobb kvar dag for å bidra til gode, aktive og trygge liv for innbyggjarane. Sogndal er ein av få distriktskommunar med vekst, og er spådd å ha dei yngste innbyggjarane i landet i 2050. 

Me har fleire spennande prosjekt innan bygg, kommunal infrastruktur, vatn og avløp, veg og anlegg, og søkjer no prosjektleiarar som kan vere med og drive desse framover. 

Me ser etter deg som kan skape struktur, holde oversikt og sikre framdrift frå tidleg fase til ferdig prosjekt. Du trivst i skjeringspunktet mellom fag, gjennomføring og samarbeid, og får ting til å skje også når ikkje alt er ferdig avklart frå start. 

Arbeidsoppgåver
Som prosjektleiar vil du mellom anna: 

  • Utvikle og leie prosjekt i ulike fasar 

  • Samhandle med fagmiljø og drift for å avklare behov og rammer 

  • Følgje opp prosjektering og/eller gjennomføring med konsulent eller leverandør der det er nødvendig 

  • Sikre kvalitet, økonomi og framdrift 

  • Vere ein tydeleg og trygg bestillar i møte med konsulentar og leverandørar 

  • Bidra til vidareutvikling av metodikk og rutinar for prosjektstyring 

Vi skal ansette 3 prosjektleiarar. Arbeidsområde og prosjektportefølje vil bli vurdert ut frå bakgrunn, erfaring og samla kompetanse i søkjargruppa. 

Kven ser me etter? 
Me ser etter deg som arbeider strukturert, sjølvstendig og målretta, og som samarbeider godt med andre. Du har relevant fagforståing, evne til å setje deg raskt inn i nye problemstillingar og evnar til å følgje prosjekt frå start til slutt. 

Me legg særleg vekt på at du: 

  • Evnar å skape framdrift og halde oversikt 

  • Arbeider systematisk og ryddig 

  • Har gode samarbeidsevner 

  • Er trygg i dialog med andre fagmiljø, konsulentar og leverandørar 

  • Kan hente inn nødvendig innsikt og kontekst når grunnlaget i starten er avgrensa 

  • Har god kjennskap og evne til å nytte data og digitale verktøy 

Kvalifikasjonar
Me ser gjerne at du har: 

  • Relevant fagbrev, teknisk fagskule eller utdanning på bachelornivå innan bygg, byggdrift, vatn og avløp, veg, anlegg eller andre relevante tekniske fag 

  • Erfaring med prosjektleiing, byggjeleiing eller tilsvarande ansvar 

  • Relevant praksis frå eitt eller fleire av fagområda bygg, kommunalteknikk, infrastruktur, veg, anlegg eller drift 

Relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet. Har du sterk praktisk erfaring, men manglar formell utdanning, vil me likevel gjerne høyre frå deg. 

Me tilbyr
Hos oss får du varierte og meiningsfulle prosjekt, stor påverknad på utviklinga av kommunen, gode kollegaer og moglegheit for fagleg utvikling i eit sterkt lokalmiljø. Du kan forvente ein variert arbeidskvardag, der du kan kombinere ansvar med høg likvskvalitet i Sogn.  

Anna informasjon 
Det er krav om god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. 

Du må ha førarkort klasse B. 

Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde etter offentleglova § 25, 2. ledd, sjølv om det er bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. Søkjarar vil i så fall bli varsla før offentleggjering. 

Vassforsyning er rekna som samfunnskritisk infrastruktur. Søkarar må vere budd på at me vil legge til grunn sikkerheitsmessig  vurdering av aktuelle kandidatar til stillingane.  

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje. Det blir nytta seks månaders prøvetid. 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Joachim Næss

+47 47487450

joachim.ness@sogndal.kommune.no

Om bedriften

Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

bcbad8f1-cea5-4ea2-99a5-0b7e4d93be00

Sist endret

20. mars 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3609165_189805_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser