Miljørettleiarar og fagarbeidarar
Sogndal kommune Kvåle skule
Dalavegen 2, 6856 Sogndal
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 10
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 23. mars
Kvåle skule er ein 6-10 skule, liggande ved Kvåle stadion tett ved Fosshaugane Campus. Med i overkant av 400 elevar og eit personale på kring 70 tilsette er Kvåle skule ein av dei største skulane i Sogn.
Som miljørettleiar hjå oss bidreg du til å skape ein best mogleg skulekvardag for elevane, anten ved å følgje enkeltelevar tett eller støtte heile klassar. Du samarbeider jamleg med lærarar, føresette og andre fagpersonar for å skape eit godt opplæringstilbod, og vil vere ein viktig del av det daglege laget rundt elevane.
Er du ein som kan gjera ein forskjell for elevane våre, så er dette jobben for deg!
Miljørettleiar og fagarbeidarar
Det vil frå skuleåret 26/27 bli ledig fylgjande:
Miljørettleiar 2 x 86% fast stilling
Miljørettleiar inntil 2 x 100% fast stilling
Miljørettleiar inntil 6 x 86% vikariat for skuleåret 26/27
Eventuelt andre ledige stillingar som skulle bli ledige.
Arbeidsgjevar tek atterhald om at det kan kome fleire stillingar/vikariat i utlysingsperioden som òg kan bli handsama med same søkjargruppe.
Arbeidsoppgåver:
Arbeidsoppgåvene vil variere etter behov og blir utarbeidd i tett dialog med fagleiar og kollegaer.
Miljørettleiarane og fagarbeidarane skal mellom anna arbeide med:
Eit trygt og godt læringsmiljø for elevane.
Eit godt samarbeid med lærarar på teamet, teamleiar, fagleiar for miljørettleiarane og anna personale.
God samhandling med PP- tenesta, BUP og andre samarbeidspartar
Ein må pårekne å ha ansvar for utarbeiding og oppfølging av t.d IOP, stafettlogg m.m.
Delta i samarbeidsmøte knytt til elevane
Rettleiing og tilrettelegging av eit heilskapleg opplæringstilbod ut i frå elevane sitt behov.
Eit godt skule- heim samarbeid til eleven sitt beste
Sosial trening og eigenmeistring, og bidra til å etablere eit sosialt nettverk rundt elevane
Skulen sitt utviklingsarbeid.
Leksetid og sfo-arbeid må påreknast.
Kvalifikasjonar:
Me søkjer primært etter personar med høgskuleutdanning som gjev tittelen miljørettleiar/miljøterapeut, men andre med relevant fagbakgrunn og/eller yrkeserfaring vert også vurdert for stillingane.
Me har ønskje om å ha personale med ulik bakgrunn og kompetanse som til ein kvar tid reflekterer elevgruppa og som har erfaring rundt elevtiltak knytt til sosiale vanskar, utfordrande åtferd og andre relevante problemstillingar.
Stillinga krev evne til utstrekt samarbeid med kontaktlærar, føresette og elevane.
Personar med fagbrev i barne og ungdomsarbeidarfaget er også velkomne til å søka då det kan bli ledige stillingar som fagarbeidar i skule og SFO.
Politiattest er ein føresetnad for tilsetjing.
Personlege eigenskapar:
Personlege eigenskapar og relevant arbeidserfaring vil bli vektlagt. Vi ser etter personar som tek initiativ, har eit heilskapleg og positivt elevsyn, er gode på relasjonskompetanse og som ynskjer å drive ei elevaktiv opplæring til dømes gjennom dagleg fysisk aktivitet og praktiske gjeremål.
Me tilbyr:
Som miljørettleiar og fagarbeidar på Kvåle skule kan du vente deg:
Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
Løn etter gjeldande avtaleverk
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
766d0dbb-79d9-46c8-b27f-d74b6e0be6bc
- Sist endret
10. mars 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3604451_195909_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Sogndal kommune Sagatun skule
Sted
Sogndal
Inspektør øvrig offentlig administrasjon
Arbeidsgiver
Stiftinga Sogndal Folkehøgskule
Sted
Sogndal
Arbeidsgiver
Sogndal kommune Anlegg og friluftsliv
Sted
Sogndal