Hopp til innhold

Distriksmusikar - hardingfele

Arbeidsgiver

Sogndal kommune Sogn kulturskule

Sted

6856 Sogndal

Om jobben

Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 15. april

Sogn kulturskule er ein interkommunal kulturskule for kommunane Luster og Sogndal. Sogndal er vertskommune, og kulturskulen sine medarbeidarar er tilsette der. Skulen driv desentralisert undervisning, og har fleire undervisningsstader i begge kommunane. Distriktsmusikargruppa har hovudbase i Sogndal.

Vår distriktsmusikar på hardingfele skal ha permisjon neste skuleår, og me søker difor etter vikar som distriktsmusikar på hardingfele.
Vikariatet er frå 01.08.2026 – 31.07 2027 i 100% stilling. Stillinga har 50% utøving og 50% undervisning.

Undervisningsdelen består av instrumentalopplæring i kulturskulen, i tillegg til ev. seminarverksemd og instruksjon i grupper (lagspel, spelemannslag o.l.)
Utøvardelen kan bestå av konsertverksemd td. i samarbeid med det frivillige musikkliv, andre distriktsmusikarar, andre musikarar lokalt og elles i fylket eller framsyningar for barn og unge i Den kulturelle skulesekken etter avtale med fylkeskommunen. Den som vert tilsett må også vera budd på å læra seg den lokale tradisjonen i Sogn.

Kvalifikasjonskrav
  • Me ønskjer ein dyktig musikar med minimum 4 års høgare utdanning på hovudinstrumentet og gjerne undervisningskompetanse på biinstrument og/eller folkedans.
  • Søkjarar med høg realkompetanse kan bli vurdert utan å stetta kravet om høgskuleutdanning.

Me ser etter deg som er engasjert og initiativrik, og kommunisera godt med både born og vaksne. Søkjaren bør ha god kjennskap til norsk tradisjonsmusikk generelt, i tillegg til vestnorsk folkemusikk. Søkjaren må disponera bil.

Aktuelle søkjarar må vera budd på å bli kalla inn inn til intervju og prøvespel.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 
 
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. 

 

 
Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Roar Sandnes

918 48 373

roar.sandnes@sogndal.kommune.no

Om bedriften

Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

58f9ac7c-c0b3-4448-8fde-dec9af248cfa

Sist endret

30. mars 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3612363_199073_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser