Assisterande styrar/rektor
Luster kommune Skjolden oppvekstsenter
Bolstadvegen 7, 6876 Skjolden
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 6. april
Skjolden oppvekstsenter ligg på ei høgde rett over sentrum av Skjolden med unikt utsyn utover Lustrafjorden. Det er kort veg til møteplassen i bygda, Fjordstova, som har symjebasseng, gymsal og klatrevegg. Oppvekstsenteret har eit stort og flott uteområde med hinderløype, ballbinge, grusbane og tennisbane.
Skulen er fådelt med aldersblanda klassar. Inneverande skule- og barnehageår er det 21 elevar på 1.-5. trinn og 24 plassar i barnehagen. Det er positiv utvikling i barnetalet i krinsen. Dette året er det 17 tilsette ved oppvekstsenteret fordelt på om lag 11 årsverk. Barnehageavdelinga er under ombygging dette halvåret for å kunne utvide til to barnehageavdelingar og gjev også betre fasilitetar for barnehagepersonalet.
Både barnehagen og skulen brukar nærmiljøet mykje i opplæringa. Lokalhistorie og friluftsliv er viktig for opplæringa. Eit felles satsingsområde for heile oppvekstsenteret er psykisk helse og programmet COS, tryggleikssirkelen, med vekt på trygge barn og gode relasjonar. Visjonen for oppvekstsenteret er «Rom for alle, blikk for den enkelte».
Stillingsinformasjon- Det er ledig fast 100% stilling som assisterande styrar/rektor ved Skjolden oppvekstsenter frå 01.08.2026. Stillinga har per i dag følgjande fordeling: 50% administrasjon (30% adm + 20% flytande vikar) og 50% barnehagelærar.
- Assisterande styrar/rektor er nestleiar ved oppvekstsenteret og samarbeider tett med rektor/styrar. Det er til vanleg sett av éin dag i veka til administrativt arbeid. Det administrative arbeidet omhandlar mellom anna ansvar for planlegging og gjennomføring av det pedagogiske tilbodet i barnehage, planlegging og gjennomføring av personalmøte, merkantile oppgåver, vikarinnkalling i samarbeid med rektor/styrar, delta på regelmessige leiarmøte for oppvekstsektoren i kommunen, samarbeide med dei andre skulane/barnehagane i kommunen og ha ansvar for god dialog mellom heimane og oppvekstsenteret.
- godkjend barnehagelærarutdanning, eventuelt anna utdanningsbakgrunn som er likeverdig med barnehagelærarutdanning, jf. uttale frå Utdanningsdirektoratet
- erfaring frå barnehage er ønskeleg
- beherskar norsk godt, både skriftleg og munnleg
- kan jobbe systematisk og målretta
- vere fleksibel og skape gode relasjonar til både born, foreldre og medarbeidarar
- tydeleg vaksenperson som både er omsorgsfull og kan setje grenser
- eit reflektert pedagogisk grunnsyn
- har høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- takle høgt arbeidspress
- IKT-kompetanse
- Naudsynt opplæring i administrative verktøy som kommunen nyttar, vil bli gitt
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
- Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Den tilsette må legge fram politiattest jf barnehagelova § 30
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden
- I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Me gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din
- Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9292357f-8328-4e94-9275-4025ab531ddd
- Sist endret
20. mars 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3608847_220865_nn