Hopp til innhold

Pedagogisk leiar / Barnehagelærar

Arbeidsgiver

Luster kommune Skjolden oppvekstsenter

Sted

Bolstadvegen 7, 6876 Skjolden

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 6. april

Skjolden oppvekstsenter ligg på ei høgde rett over sentrum av Skjolden med unikt utsyn utover Lustrafjorden. Det er kort veg til møteplassen i bygda, Fjordstova, som har symjebasseng, gymsal og klatrevegg. Oppvekstsenteret har eit stort og flott uteområde med hinderløype, ballbinge, grusbane og tennisbane.  

Skulen er fådelt med aldersblanda klassar. Inneverande skule- og barnehageår er det 21 elevar på 1.-5. trinn og 24 plassar i barnehagen. Det er positiv utvikling i barnetalet i krinsen. Dette året er det 17 tilsette ved oppvekstsenteret fordelt på om lag 11 årsverk. Barnehageavdelinga er under ombygging dette halvåret for å kunne utvide til to barnehageavdelingar og gjev også betre fasilitetar for barnehagepersonalet.   

Både barnehagen og skulen brukar nærmiljøet mykje i opplæringa. Lokalhistorie og friluftsliv er viktig for opplæringa. Eit felles satsingsområde for heile oppvekstsenteret er psykisk helse og programmet COS, tryggleikssirkelen, med vekt på trygge barn og gode relasjonar. Visjonen for oppvekstsenteret er «Rom for alle, blikk for den enkelte». 

Stillingsinformasjon
  • 100 % fast stilling som pedagogisk leiar frå 01.08.2026
  • Inntil 100% fast stilling som barnehagelærar frå 01.08.2026
Kvalifikasjonskrav
  • godkjend barnehagelærarutdanning, eventuelt anna utdanningsbakgrunn som er likeverdig med barnehagelærarutdanning, jf. uttale frå Utdanningsdirektoratet
  • erfaring frå barnehage er ønskeleg
  • beherskar norsk godt, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
  • kan jobbe systematisk og målretta
  • vere fleksibel og skape gode relasjonar til både born, foreldre og medarbeidarar
  • tydeleg vaksenperson som både er omsorgsfull og kan setje grenser
  • eit reflektert pedagogisk grunnsyn
  • har høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
  • takle høgt arbeidspress
  • IKT-kompetanse
Me kan tilby
  • Naudsynt opplæring i administrative verktøy som kommunen nyttar, vil bli gitt
  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Andre opplysningar 
  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Den tilsette må legge fram politiattest jf barnehagelova § 30
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. Bruk søknadsskjema som ligg til stillingsannonsen på vår heimeside: www.luster.kommune.no - ledige stillingar. Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden
  • I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Me gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din

Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Ellen Havellen

+47 41563871

ellen.kristin.havellen@luster.kommune.no

Om bedriften

Skjolden oppvekstenter har skule 1-7 klasse. Barnehagen er godkjent for 24 plassar i alderen 0-5 år. Sfo-tilbodet er i barnehagen.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2bb0cea5-f6b6-4aa6-b7e1-a2ec3b6832ce

Sist endret

20. mars 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3608867_220865_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser