Hopp til innhold

Fagarbeidar

Arbeidsgiver

Luster kommune Skjolden oppvekstsenter

Sted

Bolstadvegen 7, 6876 Skjolden

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 6. april

Skjolden oppvekstsenter ligg på ei høgde rett over sentrum av Skjolden med unikt utsyn utover Lustrafjorden. Det er kort veg til møteplassen i bygda, Fjordstova, som har symjebasseng, gymsal og klatrevegg. Oppvekstsenteret har eit stort og flott uteområde med hinderløype, ballbinge, grusbane og tennisbane.  

Skulen er fådelt med aldersblanda klassar. Inneverande skule- og barnehageår er det 21 elevar på 1.-5. trinn og 24 plassar i barnehagen. Det er positiv utvikling i barnetalet i krinsen. Dette året er det 17 tilsette ved oppvekstsenteret fordelt på om lag 11 årsverk. Barnehageavdelinga er under ombygging dette halvåret for å kunne utvide til to barnehageavdelingar og gjev også betre fasilitetar for barnehagepersonalet.   

Både barnehagen og skulen brukar nærmiljøet mykje i opplæringa. Lokalhistorie og friluftsliv er viktig for opplæringa. Eit felles satsingsområde for heile oppvekstsenteret er psykisk helse og programmet COS, tryggleikssirkelen, med vekt på trygge barn og gode relasjonar. Visjonen for oppvekstsenteret er «Rom for alle, blikk for den enkelte». 

Stillingsinformasjon
  • Ledig 100% fast stilling som fagarbeidar i barnehagen frå 01.08.2026
  • Kvalifikasjoner
    • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
    • Andre med relevant utdanning og erfaring kan søkje
    Personlege eigenskapar som vert vektlagd
    • Tydeleg vaksenperson som både er omsorgsfull og kan setje grenser
    • sjå det einskilde barnet
    • har god leikekompetanse saman med barn inne og ute
    • gode samarbeidevner
    • skape gode relasjonar til både born, foreldre og medarbeidarar
    • fleksibel og løysingsorientert i ein travel kvardag
    • ønskje om å bidra positivt i arbeidsmiljøet vårt
    Me kan tilby
    • Arbeid i ein veldreven kommune med gode og sikre arbeidsvilkår
    • Eit godt miljø med høg fagkompetanse
    • kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
    Andre opplysningar
    • Tilsette må levere politiattest
    • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
    • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månadar
    • Me gjer merksam på at i offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkjar bli offentlegjort om sjølv om du har oppmoda om ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før sølkjarlista vert offentleg gjort.
    • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
      
    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Ellen Havellen

    +47 41563871

    ellen.kristin.havellen@luster.kommune.no

    Om bedriften

    Skjolden oppvekstenter har skule 1-7 klasse. Barnehagen er godkjent for 24 plassar i alderen 0-5 år. Sfo-tilbodet er i barnehagen.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    7c2be49d-70a5-4667-a66b-8b4614972792

    Sist endret

    20. mars 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3609043_220865_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser