Fagarbeidar
Luster kommune Gaupne barnehage
Gardavegen 90, 6868 Gaupne
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 6
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 6. april
Gaupne barnehage er den største barnehagen i kommunen med fast kapasitet på inntil 132 plassar fordelt på seks avdelingar. Det er per i dag om lag 35 tilsette i barnehagen. Barnehagen er praksisbarnehage for studentar frå HVL.
Gaupne barnehage ligg flott til mellom mange fine turområde med kort veg til oppgradert utebase i Grindane og leikeområde i «Pulverheksskogen» på Grandane.
Satsingsområde er psykisk helsefremjande barnehage, inkluderande leikemiljø, fysisk aktivitet og friluftsliv. Det er eit godt fagmiljø i barnehagen der personalet er opptekne av fagleg og kollegial utvikling, barnets beste og foreldresamarbeid.
- 4 x 100 % fast stilling som fagarbeidar frå 01.08.2026
- Inntil 100 % fast stilling som fagarbeidar frå 01.08.2026
- 90 % vikariat som fagarbeidar i tida 01.08.2026-01.04.2027
- gode samarbeidsevner
- tydeleg vaksenperson som både er omsorgsfull og kan setje grenser
- vere fleksibel og skape gode relasjonar til både born, foreldre og medarbeidarar
- likar å vera ute
- har god leikekompetanse
- er ansvarsfull og lojal
- er ein bidragsytar for å utvikle barnehagen vidare
Menn vert oppmoda om å søkja.
Me kan tilby- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
- Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
- Tilsette må levere politiattest
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
84a46ae0-708b-41f6-b074-c3b65a13ca5a
- Sist endret
20. mars 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3608745_220875_nn