Ynskjer du å hjelpe personar ut i arbeidslivet?
Vikariat som rettleiar - Nav Vaksdal
Konsul Jebseng. 16, 5722 Dalekvam
Om jobben
- Stillingstittel
- Rettleiar Nav Vaksdal vikariat
- Oppstart
- 2. mars 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest onsdag 28. januar
Ynskjer du å bidra til at personar med sjukdom og nedsett arbeidsevne kjem i arbeid? Trur du på at dei fleste menneske, trass i fysiske eller psykiske utfordringar, har ein plass i arbeidslivet?
Nav sitt mål er at flest mogleg skal vera i løna arbeid eller annan aktivitet, og at færre skal vera avhengig av økonomisk stønad frå Nav. Gjennom vår innsats og kompetanse skal fleire få høve til å vera i arbeid, delta i samfunnet og vera sikra inntekt. Nav Vaksdal har no eit ledig vikariat som rettleiar for vaksne med nedsett arbeidsevne. Me er eit lite Nav-kontor med 7 tilsette, der alle samarbeider om å løyse kontoret sine oppgåver til beste for innbyggjarane i kommunen. Me kan love deg ein interessant og variert arbeidsdag og eit godt arbeidsmiljø der me deler kompetanse og støttar kvarandre i oppgåveløysinga.
Ynskjer du å bli ein del av teamet vårt og bidra til å skape moglegheiter for menneske kvar einaste dag? Då håper vi at du søkjer hos oss! Oppstart for vikariatet er snarast, og varigheit er omlag eit år.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegge og motivere brukarar som treng oppfølging og støtte frå Nav for å komma i arbeid
- Følge opp og rettleie gjennom samtalar og samarbeidsmøte
- Sakshandsame etter lov om folketrygd og arbeids- og velferdsforvaltninga
- Ha tett dialog med arbeidsgjevarar, helsepersonell, tiltaksverksemder og andre samarbeidspartnarar
- Bidra til sosial og økonomisk tryggleik for innbyggjarane i Vaksdal kommune, og fremje overgang til arbeid og aktiv deltaking i samfunnet
Det kan bli nokre endringar i arbeidsoppgåvene
Kvalifikasjonar
- Fullført utdanning på minimum bachelornivå frå universitet eller høgskule, gjerne innan sosiale fag. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravet.
- Erfaring frå å jobbe med menneske i ulike livsfasar
- Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner på norsk. Vaksdal kommune har nynorsk som målform
- Rettleiings- eller inkluderingskompetanse
- Førarkort kl. B
De er fint om du og har:
- Kunnskap om og interesse for arbeidsmarknad og opplæringsmoglegheiter i og rundt Vaksdal kommune
- Kjennskap til rettleiing om privatøkonomi
- Interesse for barn og unge sine levekår
Me håpar å finne deg som
- Likar å snakke med folk, og er trygg i møte med menneske i ein vanskeleg livssituasjon
- Trivst med å bygge relasjonar, både i møte med brukarar, samarbeidspartar og kollegaer
- Er sjølvstendig og robust, og tåler at oppgåver og rutiner stadig er i endring
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull og utfordrande jobb i eit godt arbeidsmiljø
- Moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
- Fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og moglegheit for trening i arbeidstida
- Statleg tilsetjing i stillingskode 1434 Rådgivar med lønnsspenn frå kr. 622.000 til kr. 660.000 per år. For særskilt kvalifiserte søkarar kan noko høgare lønn vurderast.
- God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Kontaktinformasjon
Hanne Lunde, Kontorleiar, 95978584, hanne.lunde@nav.noArbeidsstad
Konsul Jebseng. 165722 Dalekvam
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NavReferansenr.: 5063910135
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 02.03.2026
Sluttdato: 04.02.2027
Søknadsfrist: 28.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
80a5eb48-3b38-4190-b0d7-1ad1284c3005
- Sist endret
14. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1eb8fcaf24c14f3281440b46c1e899d6
Lignende annonser
100 % fast stilling som vernepleiar og/eller sjukepleiar
Arbeidsgiver
Voss herad Udlabu
Sted
Voss
Fastlegevikar på Vestlandet
Arbeidsgiver
Dignus Medical - Kletor AS
Sted
Oslo, Vestland
Arbeidsgiver
Vaksdal kommune
Sted
Dalekvam