Lærling i helsefagarbeid
Vaksdal kommune
Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærling i helsefagarbeid
- Type ansettelse
- Lærling, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. mars
Om stillinga
Ynskjer du ei spanande, meiningsfull og lærerik læretid i helsefaget? Då kan ei lærlingstilling i Vaksdal kommune vere noko for deg.
Me søkjer no etter motiverte lærlingar innan helsefag. Som lærling hjå oss vil du bli ein del av eit fagmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer som er opptekne av å dele kunnskap og spele kvarandre gode. Du vil få din eigen rettleiar som skal sørgje for at du får det du treng for å nå målet om godkjend fagbrev.
Hos oss får du jobbe med moderne digitale verktøy og løysingar som er ein naturleg del av helsetenesta i dag – og som du kjem til å møte vidare i arbeidslivet.
Målet vårt er å gje deg solid kompetanse, praktisk erfaring og tryggleik du treng for å møte arbeidslivet på ein god måte etter endt læretid.
Aktuelle kandidater vert kalla inn til intervju fortløpande.
Me håpar å høyre frå deg!
Kvalifikasjonskrav
- Fullført Vg1 Helse- og oppvekstfag og Vg2 Helsearbeiderfag.
- Gode norskkunnskaper.
- Godkjent politiattest.
Personlige egenskapar
- God på kommunikasjon og relasjonsbygging.
- Det er viktig for oss at våre lærlingar tek ansvar for eiga læring og bidreg til eit godt samarbeid med rettleiar og kollegaer.
- God til å ta imot rettleiing og bruke tilbakemeldinger til å utvikle seg.
- Du er påliteleg, open og ærleg.
- Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Kva Vaksdal Kommune tilbyr
- Rettleiar som hjelper deg med både praktiske og teoretiske oppgåver.
- Ei trygg og lærerik opplæring i eit fagmiljø med godt kvalifiserte kollegaer.
- Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø.
- Lærlingnettverk.
- Moglegheit for fast tilsetjing etter bestått fagprøve.
- Ansettelse og avlønning etter gjeldende tariffavtale.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
- I Vaksdal kommune er vi opptekne av å ha framtida i sentrum. Vi tilbyr spanande moglegheiter for utvikling og karriere. Gjennom sitt engasjement bidreg våre tilsette kvar dag til at Vaksdal er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Vi er opptatt av innovasjon og er langt framme på digitalisering. Du finn oss sentralt, mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reisa hit med tog og bil.
- Vaksdal kommune ynskjer at arbeidsstaben skal gjenspeile mangfoldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn, hol i CV-en eller funksjonsevne.
- Nokon av Vaksdal kommune sine stillingar kan ha eigne helsekrav og krav til fysisk skikkaheit.
- I henhald til offentlegheitsloven §25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har anmoda om ikkje å stå på søkjarlista.
- Vaksdal kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Attestar og vitnemål må leggast ved søknaden. Høgare utdanning gjennomført utanfor Norge må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Godkjenninga må dokumenterast.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
453abe74-8c2f-4614-a78d-bd4fc18cc0a8
- Sist endret
13. januar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10276977
Lignende annonser
Lærling i Barne- og ungdomsarbeidarfaget
Arbeidsgiver
Vaksdal kommune
Sted
Dalekvam
Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Sted
Lonevåg
Arbeidsgiver
Voss sjukehus, Helse Bergen HF
Sted
Voss