Lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget
Vaksdal kommune
Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærling i Barne- og ungdomsarbeidarfaget
- Type ansettelse
- Lærling, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. mars
Om stillinga
Vi søkjer no engasjerte lærlingar i barne- og ungdomsarbeidarfaget som vil lære, utvikle seg og vere ein viktig del av laget vårt.
Som lærling hos oss blir du godt teken imot og følgt tett opp gjennom heile læretida. Du får din eigen rettleiar, som støttar deg steg for steg fram mot godkjent fagbrev. Vi er opptekne av at du skal kjenne deg trygg, inkludert og verdsett, og at du får moglegheit til å vekse – både fagleg og som person.
Hos oss får du variert praksis i barnehage, SFO og skule. Du jobbar tett på born og unge i kvardagen, og lærer korleis teori blir brukt i praksis. Samstundes får du vere med i fleire spennande satsingar, mellom anna:
- inkluderande læringsmiljø
- PALS
- MOT
- fysisk aktiv læring (FAL)
- kunnskapsreiser mot vald og overgrep
- Danning gjennom vennskap og leik
Dette gir deg verdifull erfaring og solid kompetanse for framtida.
Målet vårt er at du skal kjenne deg trygg, kompetent og klar for arbeidslivet når læretida er over.
Aktuelle kandidater vert kalla inn til intervju fortløpande.
Høyrest dette ut som noko for deg?
Vi gler oss til å høyre frå deg!
Kvalifikasjonskrav
- Fullført VG2.
- Gode norskkunnskapar.
- Godkjent politiattest.
Personlege eigenskapar
- God på kommunikasjon og relasjonsbygging.
- Det er viktig for oss at våre lærlingar tek ansvar for eiga læring og utvikling.
- Du går på jobb i barnehagen/skule/SFO for barna si skuld og bidreg til eit godt samarbeid med rettleiar og kollegaer.
- God til å ta imot rettleiing og bruke tilbakemeldinger til å utvikle seg.
- Du er påliteleg, open og ærleg.
- Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Kva Vaksdal Kommune tilbyr
- Rettleiar som hjelper deg med både praktiske og teoretiske oppgåver.
- Ei trygg og lærerik opplæring i eit fagmiljø med høg kompetanse.
- Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
- Moglegheit for fast tilsetjing etter bestått fagprøve.
- Ansettelse og avlønning etter gjeldende tariffavtale.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
- I Vaksdal kommune er vi opptekne av å ha framtida i sentrum. Vi tilbyr spanande moglegheiter for utvikling og karriere. Gjennom sitt engasjement bidreg våre tilsette kvar dag til at Vaksdal er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Vi er opptatt av innovasjon og er langt framme på digitalisering. Du finn oss sentralt, mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reisa hit med tog og bil.
- Vaksdal kommune ynskjer at arbeidsstaben skal gjenspeile mangfoldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn, hol i CV-en eller funksjonsevne.
- Nokon av Vaksdal kommune sine stillingar kan ha eigne helsekrav og krav til fysisk skikkaheit.
- I henhald til offentlegheitsloven §25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har anmoda om ikkje å stå på søkjarlista.
- Vaksdal kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Attestar og vitnemål må leggast ved søknaden. Høgare utdanning gjennomført utanfor Norge må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Godkjenninga må dokumenterast.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4262a6b4-1328-493a-93d5-2bb7576cd0ce
- Sist endret
13. januar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10276988
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Vaksdal kommune
Sted
Dalekvam
Me søkjer barne og ungdomsarbeidarar
Arbeidsgiver
Voss herad Klausabakken barnehage
Sted
Voss
Fast 60% stilling som barne- ungdomsarbeider
Arbeidsgiver
Ytre Arna barnehage, Bergen kommune
Sted
Ytre Arna