Helsefagarbeidar
Vaksdal kommune
Elvevegen 16, 5722 Dalekvam
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar Vikariat
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 17. februar
Om stillinga
I Elvevegen bueining bur det 10 bebuarar med nedsett funksjonsevne i alderen 32-74 år som vi gjev heildøgns helse og omsorgssteinestar til. Bebuarane har varierande utfordringar og hjelpebehov. I tillegg gjev vi tenester til ein ekstern tenestemottakar i nærområdet. Me har avlastingsbustad for barn og unge og dagsenter knytt til eininga. Vårt mål er å gje tenestemottakarane moglegheit til å leve og bu sjølvstendig, og til å ha eit aktivt og meiningsfullt tilvære, både individuelt og i fellesskap med andre. Personalgruppa i Elvevegen er samansett av vernepleiarar, førskulelærarar, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar, aktivitørar, pleiemedarbeidarar og assistentar. Elvevegen bueining er plassert på Dale og har lett tilkomme med offentleg transport.
Vi søker no etter ein robust medarbeidar som har engasjement, godt humør og lyst til å bidra til fellesskapet vårt. Vil du vere med å bidra til god livskvalitet og ein meiningsfull kvardag for bebuarane våre? Vi treng å styrke arbeidsstaben vår og har ledig vikariat for helsefagarbeidar i 100% stilling til august 2026. Ledig frå snarast.
Arbeidsoppgåver
- Sikre at tenestemottakar får kvalitativt gode tenester i tråd med gjeldande lovverk, vedtak og retningslinjer
- Gje god omsorg og hjelp til daglege gjeremål i heimen
- Handtere medisin
- Bidra med vakter på dagsenteret Aktiviteten
- Kontakt og samarbeid med pårøyrande
- Fungere som primærkontakt
- Dokumentere i fagprogram
- Andre delegerte oppgåver frå leiar
Krav til kompetanse
- Autorisasjon som Helsefagarbeidar, anna relevant utdanning kan bli vurdert
- Relevant erfaring frå liknande arbeid vil vere ein fordel
- Krav om godkjend politiattest
- Førarkort kl B
- Må meistre norsk godt både munnleg og skriftleg
- Evne til å handtere teknologiske løysingar
Personlege eigenskapar
- Du er ein person som evnar å gjere tenesta, tilsette og brukarar gode
- Du likar å arbeide sjølvstendig og tek ansvar
- Er påliteleg og stabil
- Er god på kommunikasjon og evnar å samarbeide tverrfagleg
- Er løysingsorientert, med god gjennomføringsevne
- Har høgt nærvær i jobben
- Kan stå i ein travel arbeidskvardag med uventa hendingar
Personlege eigenskapar blir vektlagd
Vaksdal Kommune tilbyr
- Løn i tråd med tariff og lokale kompetansetillegg.
- Gode moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning.
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Individuell oppfølging
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vaksdal kommune er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Kommunen ligg sentralt mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reise hit med tog eller bil.
Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt arbeidsmiljø med mange gode kollegaer. Vi arbeider aktivt med innovasjon og digitalisering, og du får store moglegheiter til å påverke di eiga arbeidskvardag.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn og funksjonsevne.
Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på den offentlege søkarlista, må du grunngi dette. Vi kontaktar deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
320c79f0-2087-488f-b0ef-1be3b7377fa0
- Sist endret
30. januar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10279814
Lignende annonser
Sommarjobb i helse og meistring
Arbeidsgiver
Vaksdal kommune
Sted
Vaksdal, Vaksdal, Dalekvam, Dalekvam
Arbeidsgiver
Vaksdal kommune
Sted
Dalekvam
Arbeidsgiver
Vaksdal kommune
Sted
Dalekvam