Hopp til innhold

100 % fast stilling Udlabu

Arbeidsgiver

Voss herad Udlabu

Sted

Hardangervegen 51, 5705 Voss

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
100 % fast stilling som vernepleiar og/eller sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum  når me planlegg korleis morgondagens tenester skal  vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats.

Om avdelinga:

Udlabu ligg sentral på Voss og har fine nye tilrettelagte omsorgsbustader. 12 av bustadane er knytt opp til døgnbemanning og er organisert som eigne bustader med tillgang til fellesareal. På Udlabu bur det personar med ulike funksjonsvariasjonar. Eininga har ca. 23 årsverk. 

Udlabu søkjer
  • 100 % fast stilling som vernepleiar og/eller sjukepleiar
  • Arbeidsoppgåver:

    • Bistå tenestemottakar i dagliglivets gjeremål
    • Målretta miljøarbeid
    • Primærkontaktoppgåver og oppfylging av tiltaksplanar
    • Medikamenthandtering
    • Skapa tryggleik og struktur
    • Delta saman med tenestemottakar i dagleglivets oppgåver og fritidsaktiviteter
    • Praktiske gjeremål og andre delegerte oppgåver frå leiar

     Kvalifikasjonar

    • Vernepleiar og/eller sjukepleiar
    • Andre relevante høgskuleutdanningar kan verta vurdert 

     Me ynskjer: 

    • fordel med erfaring i arbeid til personar med ulike funksjonsvariasjonar
    • du må ha pågangsmot, vera løysningorientert og fleksibel
    • du må lika endringsarbeid, å arbeida i eit aktivt miljø, vera engasjert og inkluderande
    • deg som er oppteken av smidige løysingar og godt samarbeid med tenestemottakar, pårørande og tilsette
    • God skriftleg og munnleg norsk
    • Sertifikat klasse B
    Me tilbyr:
    • Rekrutteringstillegg på kr 16 000 for vernepleiar i turnus
    • Rekeutteringstillegg på kr 30 000 for sjukepleiar i turnus 
    • gode vilkår for fagleg utvikling
    • varierte arbeidsoppgåver
    • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
    • yrkesskade- og gruppelivsforsikring
    • gode pensjonsordningar
    • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

    Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 

    Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

    Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar til søknaden.


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Om bedriften

    Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

    Sektor

    Offentlig

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    00deb903-087d-4727-8045-cedda1dae38a

    Sist endret

    26. januar 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3580075_213083_nn

    Lignende annonser

    Fast stilling som sjukepleiar og/eller vernepleiar

    Arbeidsgiver

    Voss herad Område nord

    Sted

    Vossestrand

    100 % fast stilling Udlabu - arbeidsplassen.no