Lærer
Bø skule
Gamleveg 71, 3802 Bø i Telemark
Om jobben
- Oppstart
- 1. august 2026
- Stillingstittel
- Lærer
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid
Søk på jobben
Søk senest onsdag 24. juni
Vi søkjer fagleg dyktig og engasjert lærar som ønskjer å gjere ein forskjell i elevars skulekvardag!
Bø skule er ein barneskule med 440 elevar og 70 tilsette. Vi er opptatt av å inkludere alle elevar i læringsmiljøet og å ruste elevane for livet
og framtida. Vårt motto er: SKO deg for livet! SKO = Samarbeid,
kontinuerleg framgang og omsorg.
Bø skule jobbar med utviklingsarbeid innan inkluderande læringsmiljø og utforskande praksis i samarbeid med USN. Skulen har fokus på praktiske og estetiske fag, i
tillegg til dei grunnleggjande ferdigheitene; lesing, skriving, rekning,
munnleg og digital kompetanse. Vi har dyktige tilsette som kvar dag
arbeider for at elevane skal ha eit trygt og godt læringsmiljø.
Arbeidsoppgåver
UndervisningKvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar
- Vi treng lærarar med udanning frå GLU 1-7, GLU 5-10 eller allmennlærarutdanning
- Ved tilsetting vektleggast kvalifikasjonsprinsippet, det vil si; utdanning, praksis og personlege eigenskapar
- Vi har behov for kontaktlærar
- Vi har behov for kompetanse i basisfag og musikk i skulen
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Særskilde krav
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som
- er positiv og har rause haldningar
- har gode samarbeidsevner
- er tydeleg på klasseleiing
- har evne til å skape eit godt læringsmiljø
- evnar å bygge gode relasjonar med elevane, føresette, kollegar og eksterne samarbeidspartnarar
- er fleksibel i skulekvardagen
Vi tilbyr
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Kontaktinformasjon
Ruth Olaug Tellnes, Rektor Bø skule, +47 99022024Arbeidsstad
Gamleveg 713802 Bø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 5142835056
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 24.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Ruth Olaug Tellnes
Rektor Bø skule
+47 99022024
Om bedriften
Me ønskjer å bidra til og gi alle barn og unge i Midt-Telemark kommune ein trygg og god oppvekst. Med fokus på vaksne som er til stades, har evna til å skape trygge relasjonar og som jobbar med å inkludere alle i kvardagen. Barn og unge skal få medverknad i eigen kvardag, for saman skaper me framtida.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7f977266-b6d1-4c66-8ca7-b42009beffc2
- Sist endret
11. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0ce209ed49f24c399756a6c9885eaf71