Hopp til innhold

Bø ungdomsskule - Musikklærer

Arbeidsgiver

Midt-Telemark kommune

Sted

Frivollvegen 10, 3800 Bø i Telemark

Om jobben

Oppstart
1. august 2026
Stillingstittel
Musikklærer
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid

Søk på jobben

Søk senest mandag 15. juni

Vi søkjer lærarar med hjarte for alle og blikk for den enkelte elev. Vi ser etter deg som er fagleg dyktig, utviklingsorientert og som set elevane si læring og utvikling i sentrum.

Vi ønskjer oss ein engasjert og kompetent lærar som vil bidra aktivt i skulen sitt profesjonelle læringsfellesskap og vere med på å vidareutvikle ein inkluderande og lærande skulekultur.

Bø ungdomsskule har i skuleåret 2025–2026 266 elevar fordelte på 11 klassar.

Arbeidsoppgåver

  • Planleggje og gjennomføre musikkundervisning
  • Lære elevane om song, rytme og instrument
  • Leie kor, band eller andre musikkgrupper
  • Hjelpe elevane med å utvikle musikalske ferdigheiter
  • Bruke digitale musikkverktøy i undervisninga
  • Vurdere og gi tilbakemelding til elevane
  • Samarbeide med andre lærarar og føresette
  • Skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar
  • Godkjent grunnskulelærarutdanning; 5. - 10. trinn
  • Primært søkjer vi etter lærar i musikk for ungdomstrinn
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Ønska kompetanse
  • Kan spele instrument
  • Kan leie kor/band
  • Er trygg i klasseleiing
  • Kan bruke digitale musikkverktøy

Særskilde krav
  • Krav om politiattest, jf.  Opplæringsloven § 17-11, Barnevernsloven § 6-10.
  • Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • er positiv og har rause haldningar
  • gjennom gode samarbeidsevner vil vere med å utvikle skulen
  • er tydeleg på klasseleiing
  • har evne til å skape eit godt læringsmiljø
  • evnar til å bygge gode relasjonar med elevane, foresatte, kollegear og eksterne samarbeidspartnarar
  • er fleksibel i skulekvardagen
  • likar utfordringar
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.

Kontaktinformasjon

Nils Rune Midtbøen, Rektor, +47 90874148

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune

Referansenr.: 5134470438
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 15.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Nils Rune Midtbøen

Rektor

+47 90874148

Om bedriften

Me ønskjer å bidra til og gi alle barn og unge i Midt-Telemark kommune ein trygg og god oppvekst. Med fokus på vaksne som er til stades, har evna til å skape trygge relasjonar og som jobbar med å inkludere alle i kvardagen. Barn og unge skal få medverknad i eigen kvardag, for saman skaper me framtida.

Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

79fb6b6f-2ac8-400a-8cab-2f357901c171

Sist endret

2. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

13009676bf0f403396f27e1ec42ffd6d

Lignende annonser

Laster lignende annonser