Hopp til innhold

Ringevikar reinhald

Arbeidsgiver

Vaksdal kommune

Sted

Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam

Om jobben

Stillingstittel
Ringevikar Reinhald
Type ansettelse
Vikariat, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 24. februar

Om stillinga

Vaksdal kommune søker no etter ringevikar på dagtid reinhald.

Reinhaldsavdelinga i kommunen er framtidsretta og i kontinuerleg utvikling, med høgt fokus på godt samarbeid, kvalitet i arbeidet og bruk av moderne og effektive reinhaldsmetodar. Me legg vekt på eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø, der kvar medarbeidar er ein viktig del av heilskapen.

Behovet for ringevikar er i hovudsak knytt til reinhald på Vaksdal, men det kan også bli aktuelt med arbeid på Dale i enkelte periodar.


Arbeidsoppgaver

  • Dagleg, periodisk og hovudreinhald av kommunale bygg

  • Kvalifikasjonskrav

    • Ingen krav til formell kompetanse - full opplæring vert gitt!
    • God meistring i norsk, munnleg og skriftleg (B1 og B2) 
    • God meistring av digitale verktøy 
    • Førarkort klasse B

    Personlege eigenskapar

    • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner 
    • Evnar å jobbe sjølvstendig og effektivt 
    • Er motiverande, serviceinnstilt og fleksibel 
    • Personlege eigenskapar som stå på-vilje, yrkesstoltheit og fleksibilitet vil bli særleg vekte

    Vi tilbyr

    • Løn i tråd med tariff og lokale kompetansetillegg.
    • Gode moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning.
    • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø 
    • Individuell oppfølging 

    Kontaktperson for stillingen

    Monica Boge Andreassen

    Arbeidsleiar Reinhald

    +4745274287

    monica.boge.andreassen@vaksdal.kommune.no

    Om bedriften

    Vaksdal kommune er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Kommunen ligg sentralt mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reise hit med tog eller bil.

    Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt arbeidsmiljø med mange gode kollegaer. Vi arbeider aktivt med innovasjon og digitalisering, og du får store moglegheiter til å påverke di eiga arbeidskvardag.

    Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn og funksjonsevne.

    Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på den offentlege søkarlista, må du grunngi dette. Vi kontaktar deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    7bb23f5f-c07f-4016-977f-f4899404f471

    Sist endret

    4. februar 2026

    Hentet fra

    jobbnorge

    Referanse

    10280611

    Lignende annonser

    Helsefagarbeidar Vikariat

    Arbeidsgiver

    Vaksdal kommune

    Sted

    Dalekvam