Hopp til innhold

Helgestilling - Elvevegen

Arbeidsgiver

Vaksdal kommune

Sted

Bråtet 2, 5722 Dalekvam

Om jobben

Stillingstittel
Helgestilling - Elvevegen
Type ansettelse
Vikariat, deltid
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Engelsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 10. juni

Om stillinga

Elvevegen - bueining for menneske med nedsett funksjonsevne har ledig vikariat i ei 27,58% helgestilling, og ønsker å snakke med deg som ser verdien i å jobbe med mennesker som treng ei hjelpande hand. Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø med mange gode kollegaer.

Stillingane passar utmerka ved sidan av studier, og er ein ypperleg moglegheit for å få verdifull arbeidserfaring. Vi stiller ikkje eit absolutt krav om formell helsefagleg kompetanse, men vektlegg personlege eigenskapar. 

Om du tenker dette høyres spanande ut, så ønsker vi å snakke meir med deg. Ta gjerne kontakt med oss dersom du er nysgjerrig på dei ulike arbeidsoppgåvene. Vi tar inn fortløpande!

Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere

  • Stell og pleie med fokus på kvardagsmeistring og personsentrert omsorg
  • Dokumentasjon i fagsystem
  • Medisinsk oppfølging ut frå kompetanse
  • Kommunikasjon og samarbeid med pårørande
  • Mobilisering og aktivisering av brukarar
  • Andre relevante oppgåver

Krav til kompetanse

  • Du må vera fylt 18 år (unntaket er søkarar som går 2. året på Helsefag VGS)
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Krav om godkjend politiattest
  • Ønske om formell helsefagleg kompetanse eller erfaring, men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar

  • Du likar å arbeide sjølvstendig og å ta ansvar på vakter
  • Du har gode kommunikasjonsferdigheiter og kan samarbeide i eit tverrfagleg perspektiv
  • Du evner å skape gode relasjoner og opptatt av eit godt arbeidsmiljø
  • Du er påliteleg og punktleg
  • Du er løysingsorientert og har evne til å prioritere

Personlege eigenskapar vert særleg vektlagt

Vaksdal Kommune tilbyr

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Individuell oppfølging
  • Gode moglegheitar for støtte til utdanning
  • Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg

Kontaktperson for stillingen

Nina Jakobsson

Avdelingsleiar Elvevegen bueining

+4795987676

nina.jakobsson@vaksdal.kommune.no

Om bedriften

Vaksdal kommune er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Kommunen ligg sentralt mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reise hit med tog eller bil.

Vi arbeider aktivt med innovasjon og digitalisering, og er langt framme på velferdsteknologi. Hos oss får du store moglegheiter til å påverke di eiga arbeidskvardag, og ikkje minst kvaliteten på tenestene vi gir.

Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn og funksjonsevne.

Før tilsetting må gyldig politiattest jfr. § 5-4 i Helse- og omsorgstjenesteloven fremlegges. Prøvetid er 6 mnd. og for øvrig skjer ansettelsen på de vilkår og med de plikter som følger av lov, tariffavtaler og reglementer.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7a629554-e2f8-4274-a460-38832a29050d

Sist endret

3. juni 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10298457

Lignende annonser

Laster lignende annonser