Beredskapsleiar
Brann, redning og førebygging, Stad kommune
Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid
Om jobben
- Stillingstittel
- Beredskapsleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 15. juli
Vil du vere med på å sikre tryggleik og beredskap i kommunen vår?
Vi søkjer ein engasjert og strukturert leiar for beredskap som vil ha ei sentral rolle i å styrke kommunen sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap. Stillinga er strategisk viktig og inneber både planlegging av beredskap, koordinering og operativ leiing ved hendingar.
Som leiar for beredskap vil du arbeide tett på brannsjefen som næraste overordna, men med utførande oppgåver knytt til planlegging og øvingar med mannskapet. Du vil også vere brannsjefen sin stadfortredar. Stillinga er todelt: om lag halvparten av stillinga inngår som del av brann og redning sitt primæroppdrag medan den andre halvdelen er retta mot beredskapsarbeid generelt, men også mot førebyggande beredskapstiltak. Dette inngår i eit tverrfagleg arbeid i kommunen.
Stillinga er organisert i eining for brann, redning og førebygging i kommunalområde for Kultur og samfunn. Brann og redning har tre lokasjonar i kommunen: Nordfjordeid, Selje og Stadlandet.
Arbeidsoppgåver
- Leie og utvikle den operative beredskapen i brann- og redningstenesta (50 %)
- Delta i og leie innsats ved brann, ulykker og andre hendingar
- Planleggje, gjennomføre og følgje opp øvingar og følge opp arbeid og dokumentasjon i kommunen sitt fagsystem (internkontroll).
- Ansvar for vaktordningar og bemanning i deltidsstyrken, og delta i vaktordning
- Bidra til kompetanseutvikling og opplæring av mannskap og andre kommunalt tilsette
- Delta i risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS) og beredskapsplanlegging
- Samarbeide med politi, helse og andre relevante aktørar
- Følgje opp HMS-arbeid og tryggleik i tenesta
- Administrative oppgåver knytt til beredskap og drift
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning innan brann, redning, beredskap eller leiing, til dømes Norges brannskole – utrykningsleiar/beredskap, eller tilsvarande
- Erfaring frå operativ brann- og redningsteneste
- Leiarerfaring eller anna dokumentert erfaring til å leie personell og operative innsatsar
- God forståing for beredskapsarbeid, risikoanalyse og samhandling med andre naudetatar
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- Førarkort klasse B
- Godkjent helse- og politiattest
- Bestått fysisk test for brann og redningstenesta
Personlege eigenskapar
- Gode leiareigenskapar og evne til å ta avgjerd
- Du må kunne arbeide strukturert og sjølvstendig
- Du må kunne samarbeide godt med andre og kommunisere klart og tydeleg
- Du må kunne handtere vanskelege situasjonar, handtere stress og ta raske avgjerder
Vi tilbyr
- Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
- Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt
Vi ber om at søkjarar lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden.
Stad kommune har seks månader prøvetid.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Kontaktinformasjon
Geir Petter Hatlenes, Brannsjef, 97990434, geir.hatlenes@stad.kommune.noArbeidsstad
Rådhusvegen 116770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 5110227449
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.07.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
78ff4b94-3ad2-46af-8bfd-2941d0ed8010
- Sist endret
3. juli 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
94a4bb2d27504ed6a3fabcb2eebf9ad9