Fagsjukepleiar
Medisinsk klinikk/ Dialysen, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Fagsjukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 28. januar
Det er ledig fast stilling som fagsjukepleiar på Dialysen. I stillinga inngår arbeid kvar 4. helg, og 37,5 t/veke. Fordelinga er fag 40% og klinisk arbeid 60%. Arbeidsstad fortrinnsvis på HUS.
Dialyseavdelinga på HUS er ei dageining med 22 behandlingsplasser, samt 10 plassar på Straume og 9 i Knarvik. Vi har rundt 40 tilsette i avdelinga. Kvardagar har vi åpent både på dag- og kveldstid, samt dagtid laurdag og søndag. Vi utfører hemodialyse til pasientar med kronisk nyresvikt, samt akuttdialyse på overvakingseiningar i sjukehuset, og vi har ei heimevaktsordning.
Vi er eit tverrfagleg team med dyktige sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, legar og anna støttepersonell. Som sjukepleiar hjå oss vil du vere ein del av eit team kor samarbeid og fagleg utvikling står i fokus. Du bidrar til å utføre dialysebehandling, overvake og følge opp ulike oppgåver. Du vil jobbe tett med pasientane, noko som gjer arbeidet variert, spennande og meiningsfylt. Vi nyttar avansert medisinsk utstyr og teknologi for å gje best mogleg behandling. Som sjukepleiar vil du få grundig opplæring i bruk av utstyr og prosedyrar.
Organisatorisk plassering:
- Næraste overordnede er seksjonsleiar
Samarbeidspartnarar:
- Seksjonsleiar og assisterande seksjonsleiar ved eigen post
- Fagsjukepleiarar og assisterande seksjonsleiarar ved Medisinsk klinikk
- Avdelingsleiinga i Medisinsk klinikk
- TV og VO
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for fag og fagutvikling ved eigen eining
- Ansvar for tilrettelegging av kurs og fagdagar
- Delta i opplæring og ha oppfølgingsansvar for nytilsette og studentar
- Tilrettelegge for undervisning og rettleiing ved eigen eining
- Lage og vedlikehalde kompetanseplanar i samarbeid med assisterande seksjonsleiar
- Samarbeide med assisterande seksjonsleiar om å halde elektronisk kvalitetshandbok (EK) oppdatert
- Delta i dagleg drift og leiarteam med assisterande seksjonsleiar og seksjonsleiar
- Stedfortrederfunksjon ved ferie/fråvær i leiarteam
- Bidra til nytenking og utvikling
- Klinisk arbeid
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar, gjerne med vidareutdanning innan nefrologisk sjukepleie
- Det er ein fordel med erfaring innanfor nyremedisin eller dialyse
- Grunnleggande IKT-kompetanse (M365, Dips)
- Meistre norsk skriftleg og munnleg særs godt
Personlege eigenskapar
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Interesse for fag og fagutvikling
- Må kommunisere godt med andre
- Personleg egnethet, evne til samarbeid og stabilitet vil bli vektlagt
- Evne til å jobbe målretta og strukturert
- Er nøyaktig, fleksibel, løysingsorientert og serviceinnstilt
- Likar utfordringar
- Er ein god teambyggar
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Erfaring med fagutvikling er ein fordel
Vi tilbyr
- Lønn i henhald til gjeldande overeinskomst
- Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
- Ein inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Audhild Hannisdal Jørstad, Seksjonsleiar, 55973622, audhild.hannisdal.jorstad@helse-bergen.noArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5064178527
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
78ae032a-c2a1-4315-8513-c22365c75ffd
- Sist endret
16. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
08f109ba4a244cccb8f28d06fa690627
Lignende annonser
Faste stillingar for helsefagarbeidar
Arbeidsgiver
Helse Bergen HF,
Sted
Bergen
Spesialsjukepleiar
Arbeidsgiver
Drift- /teknisk divisjon/ MTA BHM Seksjon for kliniske fag, Helse Bergen HF
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Augeavdewlinga, Helse Bergen HF
Sted
Bergen