Hopp til innhold

Helsefagarbeidar til 100% fast stilling 

Arbeidsgiver

Helse Bergen HF, 

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Faste stillingar for helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest i overmorgen

Helse Bergen treng fleire dyktige og engasjerte helsefagarbeidarar 

Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus. Vi jobbar for å fremme helse og livskvalitet. Når du blir tilsett i Helse Bergen, er det viktig for både oss og deg at du får ein trygg og god start. ​Vi tilbyr deg ein arbeidsplass med høg fagleg standard og moglegheiter for å vidareutvikle kompetansen din.

Vi har ledige stillingar ved desse avdelingane:


Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge. Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.

Det er krav om Norsk autorisasjon ved oppstart i stillinga. 

For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.


    Arbeidsoppgåver

    Seksjon for infeksjonssjukdommar - Medisinsk Overvakingseining (MOE), post 6 er ein av to infeksjonspostar på sjukehuset og er akuttpost der vi behandlar mellom anna inntil 10 pasientar med alvorlege medisinske tilstandar som blodforgifting, hjernehinnebetennelse, respirasjons- og sirkulasjonsforstyrringar. Vi behandlar også ulike infeksjonar som diaré, sår, tropesjukdommar, immunsvikt, influensa og infeksjon på hjarteklaffar. Sengene våre er fordelt på fire einerom, eit tomannsrom og fire sengar på ei overvakingsstove. Vi har og to luftsmitteisolat. Pasientromma våre har slusesystem, som gjer at dei fleste romma kan bli brukt som isolat.
    Kontakt: Hilde M. Dale, Tlf. 90500928.

    OT syd, OT vest. Ortopedisk avdeling består av 4 sengepostar som er inndelt etter fagområde. Ryggseksjonen (OT vest) og Proteseseksjonen (OT syd) har no ledige stillingar. Hos oss har vi fokus på godt arbeidsmiljø og gode utviklingsmoglegheiter. Ønsker du å jobbe med eit breitt spekter av ulike pasientgrupper? Ønsker du å jobbe i et hektisk, men supertriveleg arbeidsmiljø? Søk på OT da! 
    Kontakt: Ingrid Merete Hjelle, Tlf. 55973710.

    Psykiatrisk akuttmottak PAM2 gir akutt psykiatrisk hjelp til personar over 18 år. Tilbodet i PAM består av akutt allmennpsykiatrisk vurdering, diagnostisering, behandling og pleie. Opphaldet i PAM er av kort varigheit (1 til 5 dagar). Etter eit opphald i PAM blir pasienten overført til andre sjukehusavdelingar eller utskriven med oppfølging frå eit distriktspsykiatrisk senter eller frå kommunehelsetenesta. PAM tar imot pasientar som frivillig ønsker behandling og pasientar som er underlagd tvungen psykisk helsevern. Vi har i oppgåve å ta imot, ta vare på og behandle menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Målsettinga er å gi raske og fagleg kompetente vurderingar som kan danne eit grunnlag for vidare diagnostikk og behandling. PAM2 er ein lukka post med 9 sengeplassar og skjerma eining. Tverrfagleg team består av spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar, sosionom, lege, psykiater og psykologspesialist. 
    Kontakt: Anja Marie Engh, Tlf. 55956412 eller Vemund Lægreid Grønstøl, Tlf. 9086239

    Kompleks Rehabilitering Sandviken (KRS) er ein lukka seksjon med 8 døgnplassar fordelt på to pasientgrupper. 6 av plassane er for personar med psykoseliding og kompliserande tilstandar, som rus og personlegheitsforstyrringar. Dei 2 resterande plassane er for personar med kombinasjon av psykose og psykisk utviklingshemming eller utviklingsforstyrring. Vi jobbar tverrfagleg og fokus er å bygge relasjonar som støttar ei trygg overgang til bustad, i samarbeid med innsøkande instansar og kommunale tenester. Miljøterapien omfattar kartlegging av ADL-ferdigheiter, stimulering av interesser, bruk av sanserom og musikkterapi for kjensleregulering og meistring. Seksjonen legg òg vekt på fysisk helse som ein integrert del av behandlinga, med tilgang til fysioterapeut og treningsfasilitetar. Dette gir eit heilskapleg rehabiliteringstilbod, der både psykisk og fysisk helse står sentralt. Stillinga inneber gyldig politiattest. 

    Vi har ledig 100% fast stilling som Helsefagarbeidar, 2-delt langvaktsturnus 12,5 timers vakter, med arbeid kvar 4. helg
    Kontakt: Silje Madeleine Mihle Hop, Tlf. 55958878

    Arbeidsoppgåver
    • Omsorg og oppfølging av pasientar
    • Samarbeid med sjukepleiar/legar og anna helsepersonell for å sikre heilhetleg behandling
    • Rettleiing og støtte til pasientar, pårørande og lærlingar
    • Bidra til eit positivt arbeidsmiljø og fagleg utvikling i teamet
    Kvalifikasjonar:
    • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
    • Erfaring frå sjukehus er ein fordel, men ikkje eit krav
    • Gode kommunikasjonsevner og evne til å arbeide i team
    • Engasjement for pasientbehandling og kontinuerleg læring
    • Meistre norsk skriftleg og munnleg på B2 nivå eller tilsvarande
    Vi ser etter:
    • Vi søker etter engasjerte medarbeidarar som har evne til å arbeide systematisk og målretta
    • Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad. Du må vere fleksibel og ha gode samarbeidsevner, men må også kunne jobbe sjølvstendig
    • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, empatisk og omsorgsfull, med evne til å sette pasientane i fokus
    Vi tilbyr:
    • Spennande arbeidsoppgåver med moglegheit for vidareutdanning
    • Ein arbeidsplass med høg fagleg standard, eit tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
    • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Du vil inngå i drifta ved avdelinga
    • Du vil delta i eit tverrfagleg samarbeid om å gi pasientar og pårørande eit best mogleg opphald på avdelinga


    Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Sjå kontaktpetrson, oppgitt for dei enkelte stillingane

    Arbeidsstad

    Haukelandsveien 22
    5021 Bergen

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

    Referansenr.: 5065704635
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 08.02.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Sjå kontaktpetrson

    oppgitt for dei enkelte stillingane

    Om bedriften

    Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
    Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    4d7d9fab-7a4c-457e-b9b1-078a676a82b0

    Sist endret

    16. januar 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    5a6c000236794950add5487fbfba50c4

    Lignende annonser