Ynskjer du ei sentral rolle i utviklinga av levekåra for barn og unge på Voss?
Voss herad Rådmann si leiargruppe
Uttrågata 9, 5700 Voss
Om jobben
- Stillingstittel
- Kommunalsjef oppvekst
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 22. november
Me ser etter ein ny kommunalsjef for oppvekst.
Kvar dag går fleire tusen barn og unge inn dørene til barnehagar, skular og tenester i Voss herad. Korleis dei blir møtt, kva moglegheiter dei får, og korleis me som samfunn støttar dei gjennom oppveksten, er noko av det viktigaste me gjer.
Me søkjer deg som er ein samlande leiar og som ynskjer å vera sentral i den vidare utviklinga av kommunalavdeling oppvekst og Voss herad i rådmannen si leiargruppe. Me søkjer ein kommunalsjef som er analytisk og strategisk, som også trivst i ei synleg rolle og ein operativ kvardag. Kommunalavdeling oppvekst har 576 tilsette og eit budsjett på 672 mill.kr.
Du vil få ansvar og moglegheit for å utvikla oppvekstavdelinga i ei brytningstid med behov for å sikra framtidig kompetanse og gode tenester til barn, unge og familiar.
Som vår nye kommunalsjef må du vera ein engasjert lagspelar og lagbyggjar som har evne til å inspirera og motivera. I godt samspel med politikarar, leiarar og tillitsvalde skal du arbeida for heilskaplege, effektive og berekraftige tenester til innbyggjarane våre. Gjennom involvering og delegering, saman med tillitsvalde, skapar du oppslutnad om mål, prosess og resultat i gjennomføring av vedtekne strategiar. For å lukkast i å nå måla våre, er det viktig at du bidreg til eit godt samarbeid mellom alle kommunalområda. Meistringsorientert leiing og tillit er viktige prinsipp i Voss herad.
Kvalifikasjonskrav- høgare utdanning innan relevante fagområde i kommunalavdelinga, og gjerne med leiarutdanning
- må ha leiarerfaring og god økonomiforståing
- erfaring med gjennomføring av omstillingsprosessar er ein fordel
- god kjennskap til kommunal forvaltning og samspelet mellom politikk og administrasjon er ein føremon
- stillinga krev god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Det vil bli lagt stor vekt på at kandidaten sine personlege eigenskapar underbyggjer forventningane til stillinga.
Me tilbyrSpanande og varierte oppgåver i eit godt, tverrfagleg og sosialt miljø. Det vil til tider vera ein hektisk arbeidskvardag i ein kommune i utvikling. Her vil du få arbeida med Voss herad sine moglegheiter og utfordringar saman med dedikerte og fagleg sterke kollegaer.
Løn etter avtale og gode forsikrings- og pensjonsordningar.
SøknadAlle førespurnadar vert handsama konfidensielt. Me gjer merksam på at opplysningar om søknaden kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. Du vil i så fall bli varsla om dette i førekant, og kan trekkje ditt kandidatur.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar. Her ligg det også ledige stillingar i regionen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
77cdc3a7-7c69-4143-bd59-86ff3bd7458e
- Sist endret
2. november 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3675139_253023_nn