Hopp til innhold

Rådgivar HR og kvalitet

Arbeidsgiver

Kompetanse- og næringsavdelinga, Møre og Romsdal fylkeskommune

Sted

Julsundvegen 9, 6412 Molde

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Rådgivar HR og kvalitet
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

 

Vil du vere med å utvikle kompetanse- og næringsområdet?  Vi ser etter ein engasjert og ansvarsfull kollega som ønsker å arbeide innafor HR- og kvalitetsområdet. 

 


Arbeidsoppgåver

I stillinga skal du mellom anna:

  • planlegge og gjennomføre rekrutteringsprosessar, frå utforming av stillingsannonsar til tilsetting
  • rettleie leiarar og tilsette om gjeldande lovar, forskrifter og interne rutinar
  • støtte leiinga i prosessar knytt til arbeidsmiljø, organisasjonsutvikling og endringsarbeid
  • ha medansvar for kvalitetsarbeid på kompetanse- og næringsområdet (flytkart, ROS-analyser, prosedyrer og retningslinjer, samsvarsvurderinger)
  • fungere som personvernkoordinator

Kvalifikasjonar

Vi søker etter deg som har:

  • relevant høgare utdanning innan HR, personaladministrasjon, organisasjonsutvikling, juss, eller tilsvarande fagområde, helst master
  • erfaring frå rekruttering og tilsettingsprosessar, kvalitetsarbeid, ROS-analysar og prosesskartlegging
  • erfaring frå rådgiving innafor arbeidsmiljø og organisasjonsutvikling 
  • god kjennskap til gjeldande lovar og forskrifter innan arbeidsmiljø, personvern (GDPR) og HMS
  • gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner på norsk 

Personlege eigenskapar

  • Du trivst med å arbeide systematisk, er sjølvdrivande og har stor gjennomføringsevne.  
  • Du har god rolleforståing og gode analytiske eigenskapar. 
  • Du er relasjons- og løysingsorientert, bygger tillit og samarbeider godt
  • Du er god til å formidle faglege tema 

Vi tilbyr

  • ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø 
  • fagleg utvikling og varierte oppgåver du sjølv kan vere med å utforme
  • offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • løn etter avtale

Stillinga har arbeidsstad i Molde, med kontorplass på Fylkeshuset. Du må rekne med noko reiseverksemd i stillinga.  

Kontaktinformasjon

Monica Kjøl Tornes, ass. kompetanse- og næringsdirektør, 97195375, monica.kjol.tornes@mrfylke.no

Arbeidsstad

Julsundvegen 9
6412 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5031122261
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.12.2025

Om bedriften

Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.

Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.

Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.

Lenke til --> Kompetanse- og næringsområdet (mrfylke.no)

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

767194a0-8f9d-4b67-b6bc-cf98bba2a4e1

Sist endret

15. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

d9415e80fea3429f87181737f2d3be5e

Lignende annonser

Laster lignende annonser