Hopp til innhold

Helsefagarbeidar - 100 % fast

Arbeidsgiver

Svingen/Reini, Vinje kommune

Sted

Åmotvegen 2, 3890 Vinje

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar - 100% fast
Oppstart
1. april 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. mars

Svingen og Reini bufellesskap er moderne bufellesskap, med høvesvis 11 og 2 leilegheiter og fellesareal inne og ute. Me yter tilrettelagte tenester til menneske med ulike funksjonshemmingar, i alle aldrar og med ulike trong for hjelp.

Hjå oss har den enkelte vedtak på tenester, og arbeidet vårt er å hjelpe den enkelte i ulike daglegdagse gjeremål. Det betyr alt frå pleie, omsorg og veiledning, til å bli med på ulike aktivitetar. I tenesta vår samarbeider me med fleire ulike instansar, spesialisthelsetenesta, tverrfagleg helseteneste i kommunen og ulike arbeidstiltak.

Me har eit godt arbeidsmiljø, og er ein glad gjeng som hjelper og støttar kvarandre. Me arbeider kontinuerleg for å ha eit breitt fagleg fokus og halde oss oppdaterte for å yte gode tilbod til bebuarane.

Me legg vekt på endrings- og utviklingsarbeid, med fokus på kompetanse, tverrfagleg samarbeid, og på å ta i bruk ny teknologi.

Turnus dag/kveld, med arbeid kvar 3. helg. 


Arbeidsoppgåver

  • Skape gode dagar for den enkelte bebuar i høve deira ressursar og interesser 
  • Ivareta den enkelte bebuar sine behov i eit livsløpsperspektiv 
  • Målretta miljøarbeid og helseoppfylging hjå bebuarane   
  • Utføre kliniske vurderingar og fortløpande vurdere bebuaren sin heilskaplege tilstand 
  • Primær- og sekundærkontaktoppgåver
  • Samarbeid med pårørande 
  • Samarbeid med kollegaer, fastlege, ergo/fysio, sjukeheim, spesialisthelsetenesta m.m. 

Kvalifikasjonar

  • Me søkjer primært deg med ein helsefagleg utdanning, men andre kan også søkje  
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne, norsk kunnskap nivå B2
  • Førarkort klasse B for manuelt gir

Personlege eigenskapar

  • Du bidrar aktivt til eit positivt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt 
  • Du er løysingsorientert og tek nye utfordringar 
  • Du skapar gode relasjonar til bebuarar, pårørande og andre samarbeidspartnerar 
  • Du er fleksibel og strukturert  
  • Du kan jobbe både sjølvstendig og i team 
  • Du har interesse for å ta i bruk ny teknologi
  • Det er ynskeleg at du har erfaring frå helse og omsorgsarbeid  
  • Personlege eigenskapar og eignaheit vil bli vektlagt 

Me tilbyr

  • Tett oppfylging av eigen mentor og avdelingsleiar
  • Ein jobb som betyr noko – kvar dag
  • Inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø
  • Varierte og spennande oppgåver
  • Mogleghet for videreutdanning innan relevant fagområde
  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
  • Løn etter kvalifikasjonar og ansiennitet etter lokal lønsstige
  • Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest, jf. helse og omsorgslova § 5-4. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månader og skal ikkje leverast med søknaden.

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Kontaktinformasjon

Hjørdis Ringhus Saupstad, Avdelingsleiar Svingen og Reini, +47 97028218

Arbeidsstad

Åmotvegen 2
3890 Vinje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 5079557178
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Startdato: 01.04.2026
Søknadsfrist: 22.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Hjørdis Ringhus Saupstad

Avdelingsleiar Svingen og Reini

+47 97028218

Om bedriften

Me ynskjer deg velkomen til Vinje! 

Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie. 

Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.

Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus. 

Me håpar du vil trivast hjå oss! 

Les meir om livet i Vinje her  

Sjå Vinjefilmen her 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7375096b-390a-476c-8348-2d46097e5979

Sist endret

27. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

27a90d3b80e84d03baa8af53e1422141

Lignende annonser